Hopp til innhold

«Vatn som renn ubrukt i havet er bortkasta»

Sogn og Fjordane fylkeskommune er gjennom selskapet Sogn og Fjordane Energi (SFE) ein stor kraftprodusent, og pengar frå kraftproduksjonen har vore gode å ha for fylkespolitikarane

SFE i Bukta på Sandane

PENGEMASKIN: Kraftverka har gitt fylkeskommunen økonomiske musklar. SFE held til i Bukta på Sandane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Men SFE vart ikkje skipa før i 1968. At det skjedde så seint har samanheng med noko som skjedde 50 år tidlegare. Det heiter seg at brent barn skyr elden, og politikarane fekk verkeleg svidd fingrane sine då fylkeskommunen saman med fleire kommunar skipa Ålfot interkommunale kraftselskap.

Økonomisk blåmåndag

Det enda med ein økonomisk blåmåndag som fylket og dei involverte kommunane sleit med i lang tid etter. I 1928 trekte fylket seg ut av kraftselskapet etter å ha brukt store summar på å dekke gjeld. Du kan lese meir om dette i artikkelen Ålfotsaka – det store økonomiske marerittet i Fylkesleksikonet.

Bygde ut fleire vassdrag

Men i 1968 var avstanden til Ålfot-skandalen blitt så stor at fylkespolitikarane tok sjansen på å investere i vasskraft. Sogn og Fjordane Kraftverk vart etablert på Sandane, seinare vart namnet Sogn og Fjordane Energi – forkorta til SFE.

Selskapet med Kåre Herland som den første sjefen bygde ut kraftverk i Åskåra i Ålfoten i 1971, i Osenvassdraget i Gloppen/Flora 1986/87 og i Vetlefjorden i Balestrand i 1989 (Mel kraftverk).

SFE-logo

Stansa av vernevedtak

Gjennom oppkjøp av Firdakraft i Nordfjord fekk SFE og hand om kraftverk i Yksenelvane i Ålfoten. Selskapet har og fallrettar i Gaularvassdraget og i Naustdal-Gjengedalsvassdraget, men der har vernevedtak sett ein stoppar for kraftutbygging.

Dette var ein strek i rekninga for mange av fylkespolitikarane. Arbeidarparti-representanten Abraham Øvrebotten frå Bremanger var kjend som «kraftsosialist», og han sa frå talarstolen at vatn som renn ubrukt i havet er bortkasta.

Det høyrer med til historia at fylkeskommunen hadde sjansen til å byggje ut Gaularvassdraget lenge før nokon tok til å tenke på å verne vassdraget, men den gongen sat røynslene frå Ålfot-miseren så hardt i at politikarane ikkje torde gå i gang.

Dette blir illustrert av ein replikk i ein debatt i fylkestinget på 1950-talet: - Vi må vere varsame, for vi har hatt ein «ålfot», og vi kan ikkje tole fleire «ålføter».

(Artikkelen held fram un der biletet).

Terje Gjengedal

- MINDRE UTBYTE: Konsernsjef Terje Gjengedal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mindre frå pengemaskina

SFE har sidan starten vore ei pengemaskin for Sogn og Fjordane fylkeskommune, og mykje av overskota har vorte brukte til gode føremål rundt om i Sogn og Fjordane, som vegar, sjukehus, skular og båtruter.

Men konsernsjef Terje Gjengedal sa i frå til fylkestinget i juni i år at eigaren ikkje kan rekne med dei heilt store utbyta frå SFE dei komande åra. Selskapet står framfor store investeringar, i tillegg tilseier kraftprisen at overskota kjem til å krympe samanlikna med gullåra.

(Artikkelen held fram under biletet).

Mel kraftverk i Vetlefjorden

SKAFFAR PENGAR: Mel Kraftverk i Vetlefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

SFE eig til saman 4200 kilometer med kraftlinjer og disponerer over til saman 2179 GWh kraftproduksjon. Dei siste åra har selskapet og engasjert seg i planar om vindkraftutbygging som medeigar i selskapet Vestavind.

SFE har og gått inn med 20 millionar kroner i selskapet Lefdal Gruve Drift, som har planar om datalagring i dei tidlegare olivingruvene i Lefdal.

Fossfossen i Gaularvassdraget

FORLOKKANDE, MEN...: Fossfossen i Gaularvassdraget, med mykje potensiell elektrisk kraft som fylkespolitikarane ikkje får utnytte.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK