Hopp til innhold

Dette var starten på ferjeselskapet som samla Sogn og Fjordane

Skipinga av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i 1858 er noko av det viktigaste som har skjedd i den 250 år gamle historia til Sogn og Fjordane.

DS Framnæs på Vågen i Bergen

FØRSTE SKIPET: DS Framnæs på Vågen i Bergen. Saman med DS Fjalir var dette starten på Fylkesbaatane.

Foto: K. Knudsen / © Billedsamlingen, UiB

– Fylkesreiarlaget har vore ei livsnerve i Sogn og Fjordane, Fylkesbaatane har vore ein svært dominerande aktør i mange tiår, seier Reidar Sandal. Han er styreleiar i Fjord1, som i 2002 overtok fylkesbåtane både i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

I dag kan vi køyre bil diagonalt i Sogn og Fjordane, frå Filefjellet til Stadlandet, på fem-seks timar, utan å bryte gjeldande fartsgrenser. Sjølv om enkelte rynkar på nasen over vekslande og einskilde stader dårleg vegstandard, er dette paradisiske tilstandar samanlikna med dei som trengde å reise lengre enn til nabobygda på 1800-talet.

Fedrifter, hestehandlarar og skreppekarar tok seg fram til fots over fjellet sommarstid, det var postveg over Filefjellet, og vi hadde Den trondhjemske postvei, der posten vart frakta med hestekjerre og robåt gjennom fylket.

Bortsett frå det var det fjordane og kysten som var samferdselsårene. Når det var skikkeleg bør kunne folk segle til Bergen. Men for det meste måtte dei ro, og det tok tid.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

«Constitutionen» til Lærdal

Først i 1839 fekk vi første dampskipsruta, ei postrute mellom Lærdalsøyri og Bergen, trafikkert av DS «Bjørgvin» og DS «Constitutionen», frå 1843 stansa postskipet «Nordcap» i Furesundet i Flora på si rute langs kysten.

Men ruta på Lærdalsøyri gjekk berre nokre få år, og Staten vedtok i 1857 å overlate til private selskap å drive skipsruter. Då var det at framsynte menn såg lyset: Kvifor ikkje kombinere postrutene med å gje heile fylket båtruter som kunne skape framsteg på mange område?

Hugo Lous - første FSF-direktøren

KOMMANDØREN: Hugo Lous, den første direktøren i selskapet.

Foto: eigar Fjord1

Amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert og stortingsmann Harald Ulrik Sverdrup gjekk føre, og den 28. november 1857 vart det gjort eit historisk vedtak i ei lita tingstove i Førde: Amtstinget vedtok å skipe selskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – FSF).

Den første direktøren var Hugo Lous. Han fekk tilnamnet «Kommandøren», og det er grunnen til at selskapet har hatt fleire skip med dette namnet. Lous leia reiarlaget i nesten 40 år- til 1896.

«Framnæs» og «Fjalir»

Dei bestilte to skip frå eit verft i Skottland. Den 2. desember 1858 hadde DS «Framnæs» jomfruturen sin på ruta Bergen-Sogn, i januar 1859 tok DS «Fjalir» til å trafikkere ruta Bergen-Nordfjord.

Effektane tok snart til å vise seg. Varer som frukt, fisk og trevirke fann vegen til Bergen, motsett veg kom mjøl og salt, og ikkje minst meir moderne hjelpemiddel til bønder og fiskarar.

Og så kom det ein stigande straum med turistar, det førde mellom anna til at det på slutten av 1800-talet vart bygt ei rekkje hotell. Med andre ord, Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane kan sjå ut som ei samanhengande suksesshistorie.

Men ikkje alle såg det slik. På 1860-talet kom mange spareivrige menn inn i fylkesstyringa. Dei meinte fylket ikkje hadde råd til å eige eit ruteselskap, som måtte konkurrere med fleire privateigde selskap som kunne skumme fløyten på dei mest lønsame rutene.

I åra som kom var det fleire gonger framlegg om å selje Fylkesbaatane. Men det vart forkasta kvar gong, og FSF rei av stormen, konkurrentane gav etter kvart opp. Flåten av fjordabåtar voks, i 1914 fekk selskapet dei første motordrivne båtane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilferja Lærdal ved kai i Lærdal

FØRSTE REINE FERJA: 'Lærdal' ved kai på Lærdalsøyri.

Foto: © Lærdal lokalhistoriske arkiv

Den første ferja: «Lærdal»

Då talet på bilar auka, og det vart bygt fleire vegar, vart det og– trong for ferjer. I første omgang var det vanlege rutebåtar som tok bilar som dekkslast på strekninga Vadheim-Lærdal, seinare kom den første spesialbygde ferja, «Lærdal».

Det var starten på det som i dag er eit nesten reint ferjeselskap. For dei siste åra har det vore store endringar. I 1986 vart hovudkontoret flytta frå Bergen til Florø. I mange år hadde dette vore ei stridssak, for mange såg det som merkeleg at eit reiarlag for Sogn og Fjordane skulle ha hovudkontoret sitt utanfor fylket.

Men motstanden var seig, flyttinga skjedde ikkje utan kamp, og det gjekk mange år frå temaet først kom på bana til det verkeleg skjedde.

Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1 framhevar satsinga på ekspressbåtar frå rundt 1970 som eit prov på at Fylkesbaatane fylgde med i tida.

– Det var omstridd, men det førde selskapet og fylket inn i ein ny epoke, og det vart ein suksess. Det er og grunn til å ta med at FSF har hatt ei betydeleg bussdrift og har sett merke etter seg på ein positiv måte også landverts.

Reidar Sandal

- MÅ VERE OMSTILLINGSVILLIGE: Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1.

Foto: NRK

Frå FSF til Fjord1

I 2002 vart Fylkesbaatane slege saman med Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) til Fjord1. Rett nok heldt Fjord1 Fylkesbaatane fram som dotterselskap, men det gamle flagget er bytt ut med eit nytt.

Selskapet har tapt konkurransen om snøggbåtrutene i Sogn og Fjordane til Bergen-selskapet Norled. På den andre sida har Fjord1 vunne ferjekontraktar i Rogaland, Hordaland og Trøndelag og er det største ferjeselskapet i landet, i 2012 med 68 ferjer.

I 2011 selde Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigardel i Fjord1 til reiarlaget Havila. Men Sogn og Fjordane held på sin aksjepost, som utgjer 59% av aksjane i Fjord1.

– Vi har vore gjennom ein stor og tung omorganisering. Det var naudsynt for at vi kunne fylgje med i tida. Og det har vi gjort, Fjord1 er i verdstoppen innan teknologi og miljø, gassferjene som hovudsakeleg går i Rogaland og Hordaland er ein suksess, både miljømessig og økonomisk, seier styreleiar Reidar Sandal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ekspressbåten Fjordprins i Flåm

SNØGGBÅTSLUTT: Frå før Fjord1 tapte kampen om ekspressbåtrutene: Fjordprins legg til kai i Flåm.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Frå buss til bybane og fly

Frå 1936 var og rutebildrift ein del av det Fylkesbaatane dreiv med, som hovudeigar i Sogn Billag. Seinare overtok selskapet Nordfjord og Sunnmøre Billag, men i 2011 selde Fjord1 heile bussdrifta si til Nettbuss.

Fjord1 fekk derimot ansvaret for drifta av Bybanen i Bergen, og i 2013 var Fjord1 med på å kjøpe flyselskapet Widerøe frå SAS.

Styreleiar Reidar Sandal meiner satsinga på lufttransport er framtidsretta.

– Vi selde oss heilt ut av bussdrifta frå 1. januar 2013, og frå 30. september i år eig vi 34 prosent av Widerøe. Vi fasa oss ut der det ikkje var så mykje pengar å tene og satsa i staden på Widerøe, der eg er trygg på at vi vil tene pengar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Widerøe på Førde lufthamn Bringeland

OPP I LUFTA: Fjord1 har kjøpt seg inn i Widerøe. Her eit Widerøe-fly på Førde Lufthamn Bringeland.

Foto: Kjell Arvid Stølen (MMS-foto) / NRK

– Knallhard konkurranse

For i 2012 var Fjord1 eit langt stykke frå å tene pengar. Selskapet gjekk med vel 99 millionar kroner i underskot. Sandal seier det mellom anna kjem av at dei måtte rydde opp i gamle transaksjonar.

– Dette tapet har vi no teke, og vi skal kome i betre situasjon etter kvart. Men ingen må undervurdere den knallharde konkurransen som vi har innan sjøtransport. Vi slit mellom anna med gamle ferjekontraktar som vi taper pengar på.

Fjord1 er eitt av tre-fire store sjøtransportselskap i landet, på ferjesida er selskapet klart størst i landet. Sandal vil ikkje spå for mykje om korleis det ser ut om nokre år.

– Skal vi lukkast i framtida må vi ikkje vere fastlåste og statiske, vi må heile tida vere omstillingsvillige.

Les meir i artiklane Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Fjord1 i Fylkesleksikonet.

Bilferja Årdal

NESTEN BERRE FERJER: Ser ein bort frå nokre lokale båtruter er Fjord1 i 2013 eit reint ferjereiarlag. Dette er bilferja Årdal på strekninga Mannheller-Fodnes.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK