For opp gjennom åra har det vore mange diskusjonar om kvar administrasjonen av Sogn og Fjordane skal halde til.
To gonger har det vore gjort forsøk på å flytte administrasjonen frå Leikanger til Førde. I 1934 vart framlegget avvist med 18 mot 15 røyster, i 1947 var det ny avrøysting, denne gongen var røystetalet 21-17 for at administrasjonen skulle bli verande i Leikanger kommune.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under animasjonen)
Johan Collett Falsen
Og slik er det framleis. Det finst neppe nokon kommune i landet der så stor del av innbyggjarane er byråkratar. Men korleis hamna fylkesadministrasjonen akkurat der?
KJØPTE NYBØ: Johan Collett Falsen.
Svaret er at det, akkurat på same måten som Kaupanger var den første administrasjonsstaden, var resultatet av valet til ein person, fortel historikar Aage Engesæter.
– For etter at Nordre Bergenhus Amt i mange år - frå 1771 til 1840 - var styrt frå Bergen, fann amtmann
ut at Lærdalsøyri var ein høveleg stad å bu.– Med dei kommunikasjonane som fanst på den tida var det ikkje noko merkeleg val, sjølv om det er langt frå Lærdal til Selje. Men i 1861 fekk amtet ein ny amtmann,
.Kjøpte garden Nybø
Han fann ut at Leikanger var ein meir eigna stad å bu enn Lærdal, og då han fekk kjøpe garden Nybø flytta både han og amtsadministrasjonen til Leikanger i 1862. På Nybø vart det bygt både amtmannsgard og embetsgard for sorenskrivaren i ytre Sogn.
Det første fylkeskontoret var ikkje noko imponerande byggverk. Det var plass til fire funksjonærar i tillegg til amtmannen sjølv. På loftet var det arkiv. Det nokså puslete huset vart i samband med fylkesjubileet restaurert, og det vart flytta nokre meter, sidan det har stått så nær fylkesveg 55.
(Artikkelen held fram under biletet)
PÅ HERMANSVERK: Fylkeshuset vart teke i bruk i 1989.
Foto: Ottar Starheim / NRKFylkeshuset på Hermansverk
Først i 1939 vart det litt meir sving på sakene, då kunne fylkesadministrasjonen flytte inn i Tinghus I på Nybø. Seinare vart Tinghus II og Tinghus III bygde litt lengre vest.
Heller ikkje det var nok til å huse det veksande byråkratiet. Fylkeskommunen måtte leige kontorlokale fleire stader, før heile administrasjonen til fylkeskommunen i 1989 vart samla i Fylkeshuset på Hermansverk.
(Kjelde: Aage Engesæter og Johs. B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år.)