Hopp til innhold

Det første fylkestinget la ned eit sjukehus

Sjølv på det aller første fylkestinget – eller amtstinget som det heitte på den tida – vart det lagt ned eit sjukehus. Det fortel historikar Aage Engesæter.

Tross i Dale

FØRSTE FYLKESTINGET: I dette huset på Tross i Dale vedtok amtstinget i 1838 å legge ned sjukehuset i Sogndal.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Eitt av dei aller første vedtaka fylkestinget i Sogn og Fjordane gjorde i 1838 var å leggje ned fylket sitt einaste sjukehus, ein institusjon som hadde vore i drift i Sogndal frå 1819.

Det likna rett nok ikkje mykje på det vi i dag kallar sjukehus; det var helst ein oppbevaringsstad for fattige spedalske eller folk med «radesyke», ei form for syfilis. I 1838 var sjukehuset i dårleg stand, og det låg avsides til, meinte mange.

Flytta det til Bergen

– Det var klassiske motsetnader som kom til syne i denne saka, seier Engesæter.

Fylkestinget konstaterte at «stridende interesser, formedelst uovervinnelige locale Hindringer ei kunde forenes», og at «Sygehusets Henlæggen til Bergen som det for den hele Amtscommune meest beqvemme Sted».

Problemet med at fylket mangla eit naturleg sentrum dukka altså opp alt på det første fylkestinget.

Fram til 1837 vart Norge styrt av embetsmenn på dei aller fleste område. Unnataket var byane, der det var ei form for folkestyre med borgarvalde representantar som hadde innverknad på styringa.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

Famlande steg mot lokaldemokrati

På landsbygda var det skule- og fattigkommisjonar. Men dette året vart formannskapslovene sette i verk, dei første famlande stega mot det vi kjenner som dagens lokaldemokrati vart tekne.

Men det var slett ikkje alle som hadde røystrerett, faktisk var det berre 10 prosent av befolkninga som kunne vere med og avgjere kven som skulle vere folkevalde. Kvinnene fekk som kjent ikkje røysterett før i 1913, og berre 45 prosent av mennene over 25 år hadde røysterett frå 1837. Men det vart iallfall valt heradstyre og ordførar i kvart herad.

Ni prestar og tre offiserar

Og den 30. juli 1838 samla ordførarane i Nordre Bergenhus Amt seg på gjestgjevarstaden Tross i Dale (i Fjaler) til det som vart det første amtstinget. Forsamlinga var samansett av 22 ordførarar, i tillegg til amtmannen og futane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. (Futane hadde talerett, men ikkje røysterett).

Av ordførarane var ni prestar, seks bønder, tre offiserar, to advokatar og to handelsmenn. Med andre ord ei ikkje særleg representativ gruppe. Men det er ikkje så rart. Det var få utanom «dei kondisjonerte» som kunne lese og skrive, og det var ein føresetnad for å kunne fungere som ordførar.

«Med Glæde»

Amtmann Christian Ulrik Kastrup (1784-1850) var etter lova ordførar for amtstinget, og han opna det første tinget med desse orda: «Med Glæde hilser jeg denne hæderlige Forsamling, hvor endeel af Fædrelandets frie og frittvalgte Borgere ere sammentraadte for at tage under Overveielse deres egen Communes Tarv og Bedste. Jeg siger: med Glæde, fordi den er Resultat af en liberal Regjerings omhu for et Land, hvis lykkelige constitutionelle Forfatning dog hidintil har savnet denne Institution».

Spareånda rådde

Amtstinget var samla på Tross til den 2. august. På desse dagane vedtok dei å opprette ei fylkeskasse, og det vart vedteke å innføre forskotsskatt. Forsamlinga var og kritisk til krava futane kom med om diettgodtgjersle, men våga ikkje å nekte dei desse pengane.

Eit budsjett vart og vedteke. Som eit apropos til dagens budsjettdragkampar der det ofte blir skore ned etter «ostehøvel-prinsippet» kan det nemnast at vegbudsjettet som amtmannen la fram vart halvert, frå 8000 til 4000 kroner.

Førde og Dale

I åra som fylgde, heilt fram til midten på 1860-talet, vart tinga haldne ein gong i året i Dale og i Førde, men frå 1865 vart dei spreidde meir utover fylket.

Og fylkestinget var samansett av ordførarane i fylket heilt til 1976, då det vart gjennomført direkte val til fylkestinget.

I 1988 samlast fylkestinget på Tross på nytt for å feire 150-årsminnet for det første fylkestinget i Sogn og Fjordane.

(Kjelde: Aage Engesæter og Johs. B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år.)