Hopp til innhold

Varslarar i kommuneleiinga skuldar rådmannen for «fryktkultur» og «trakassering»

Rådmannen sine næraste kollegaer skuldar han for å ha skapt eit uforsvarleg arbeidsmiljø. I dag melde ordføraren seg inhabil i saka.

Austevoll kommune

VARSLINGSSAK: Eit advokatfirma er hyra inn for å granske varslarane sine påstandar. Rådmannen sjølv ønskjer ikkje å kommentere saka, men seier han vil gi si forklaring til advokatane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Tre av fire toppsjefar i Austevoll kommune i Sunnhordland har vore sjukmelde som følgje av det dei kallar ei negativ utvikling i arbeidsmiljøet over fleire år, som går utover helsa til dei tilsette.

Dei tre kommunalsjefane og økonomisjefen har saman gått til varslingssak mot rådmannen.

– Vi varslar no, fordi nok er nok, seier talskvinne for varslarane, og kommunalsjef for utvikling, Ruth Larsen.

Talskvinne for varslarane og kommunalsjef for utvikling og forvaltning, Ruth Larsen.

DET SISTE KORTET: Talskvinne for varslarane seier å sende varslingsbrev var det siste kortet.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Ho seier varslingsbrevet var siste utveg, etter verken medarbeidarundersøkingar eller konfrontasjonar med rådmannen nådde fram.

– Vi gjekk til eit så drastisk steg fordi alle metodane vi hadde prøvd å bruke ikkje lykkast, seier Larsen.

– Kva synest du om det?

– Det skulle vore unødvendig

Raude lamper blinka i 2019

Rådmannen starta i stillinga i 2018, og løpet i dei siste to åra har heile toppleiinga vore sjukmeld. 11. mai i år tok imot kommunen varslingsbrevet, og no har saka vore oppe i formannskapet.

– I 2019 fekk me ein stor alarm om eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø, men me fekk ikkje presentert detaljane så grundig, seier Renate Møgster Klepsvik, gruppeleiar for Frp.

Renate Møgster Klepsvik, gruppeleiar for Frp i Austevoll kommune.

ØNSKJER INNSYN: Gruppeleiar for Frp, Renate Møgster Klepsvik, vil at kommunestyret skal få innsyn i kva tilbakemelding som blei gitt i 2019. Det stemte kommunestyret imot både i fjor og under årets formannskapsmøte.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Ho meiner medarbeidarundersøkinga frå 2019 må sjåast i samanheng med varslingsbrevet.

– Me bad om innsyn i alle kommentarfelt den gongen, og i dag fremja eg òg eit tilleggsforslag om å få innsyn i det no, seier gruppeleiaren.

Det fekk ho ikkje fleirtal for, men ho seier dei vil jobba vidare med å få innsyn i kva som kom fram i medarbeidarundersøkinga.

– Eg syns det er veldig sårt og alvorleg for kommunen sin del. Når me veit at toppleiinga i administrasjonen slit med å jobbe i lag ønskjer eg å vita meir, og komma raskt i gong med tiltak, seier Klepsvik.

Bjarte Madsen, rådmann Austevoll kommune

INGEN KOMMENTAR: Rådmann i Austevoll kommune, Bjarte Madsen, vil ikkje kommentere saka.

Foto: Elise Angell / NRK

Advokatfirma skal leggja fram rapport

Advokatfirmaet Thommesen er hyra inn av kommunestyret for å undersøke påstandane i varslingssaka.

Rådmann Bjarte Madsen vil ikkje kommentere skuldingane. Han seier til NRK at han skal gi si forklaring til advokatane som granskar saka.

I forkant av møtet erklærte ordføraren i Austevoll, Morten Storebø, seg inhabil. Han og varaordførar Anja Heggholmen (Ap) hadde bede advokaten om å vurdere deira habilitet.

Heggholmen blei erklært habil, men vil ikkje kommentere kor involvert ordføraren sjølv er i varselet.

Varaordførar i Austevoll kommune, Anja Heggholmen.

GODT HANDTERT: Varaordføraren meiner kommunen har handtert varselet på ein god måte.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

– Det er ein krevjande situasjon for kommunen, og eg tenkjer vi skal handtere dette på best mogleg måte for alle partar, seier varaordføraren.

Ho ønskjer ikkje å kommentera at varslarane og Renate Møgster Klepsvik knyter varslingsbrevet til medarbeidarundersøkinga frå 2019.

– Eg vil har denne saka skal få gå sin gang, og så skal vi sjå kva som kjem ut av rapporten, seier Heggholmen

Den endelege rapporten om saka blir etter planen lege fram 6. juni.