Hopp til innhold

Heim frå juleferie? Pass opp for glatte vegar i helga

Snø, underkjølt regn, rasfare og stengde fjellovergangar. Det kan gå mot ei guffen vêrhelg, særleg i Sør-Noreg.

E134 Haukelifjell, Midtlæger

VIL BLÅSE OPP: Fredag kveld er det stille på E134 over Haukelifjell. Men utover laurdagen vil vêret blir mykje dårlegare.

Foto: Statens vegvesen

Laurdag og søndag kjem eit kraftig lågtrykk inn Nord-Atlanteren, som vil dominere helgevêret i heile landet.

Men særleg ille blir det austafjells og på fjellovergangane i sør.

– Det blir ein god del vind og ein god del nedbør. Det blir siktreduksjon med snøfokk og truleg problematisk å halde enkelte vegar opne, fortel statsmeteorolog Jon Austerheim.

Men også i låglandet blir det vanskelege køyreforhold, særleg i Agder, Telemark og nordover mot Oslo.

Laurdag ettermiddag melder politiet om fire ulykker på ein halvtime på Austlandet.

Politiet åtvarar om glatte vegar og oppmodar folk om å køyre forsiktig.

Pass opp for glatte vegar

Det er meldt om til dels store nedbørsmengder austafjells.

– Køyr forsiktig, særleg om du skal krysse fjellet, er oppmodinga frå Austerheim.

Den oppmodinga kjem også frå vegoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen.

– Dei som til dømes har tenkt seg over Hardangervidda bør gå inn og sjekke vêrvarselet før dei legg ut på tur austover eller vestover, seier Molvær.

Han ber folk vere obs også på at det kan bli underkjølt regn i låglandet.

– Entreprenørane er flinke til å salte, men greitt å ha i tankane at det kan vere svært glatt, seier Molvær.

Mykje vind i nord

I vest har det vore fleire dagar og temperaturar ned mot og under null. No blir det eit merkbart vêromslag.

Operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt seier at dei ikkje gjer spesielle tiltak før vêromslaget, men at dei følgjer med.

– Det er typisk at når det kjem snø i bergensområdet kan det bli kaos, seier ho.

Nord for Stad og oppover i Nord-Noreg, så blir det vind frå sør og søraust som gir tørt vêr.

Men vindauken er solid, så for søndag er det sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast frå Saltfjellet og nordover til Sør-Troms.

Snøskredfare

I fjellet i Sør-Noreg er riksveg 50 Aurland – Hol nattestengt på grunn av problem med ein vegbom.

– Søndag morgon er det høgst usikkert om denne fjellovergangen vil opne, slår Molvær i Statens vegvesen fast.

Den tryggaste vegen over fjellet i helga blir mest truleg E16 Filefjell, eventuelt via Årdal – Tyin på fylkesveg 53.

Dei færraste har byrja skisesongen. Men om du skulle ha lyst opp i fjellet med ski på beina så er det viktig å merke seg snøskredfaren.

Søndag er det meldt betydeleg fare for naturleg utløyste skred i Jotunheimen, Hardanger, Vest-Telemark og Heiane.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold