Hopp til innhold

– Folk må alltid ringe oss først

Statens vegvesen opplever stadig vekk at meldingar om glatte vegar og steinar i vegbana ikkje kjem inn til deira Vegtrafikksentral. I staden skriv bilistar på Facebook eller ringer media.

Margot Aase Åsebø

RING OSS FØRST: Margot Åsebø i Statens vegvesen har ei klar oppmoding til bilistane. – Ring 175 først, seier ho.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Problemet for oss når dette skjer er at vi ikkje får fanga opp situasjonen. Dermed får vi ikkje varsla entreprenøren som kan rykke ut og gjere tiltak eller sikre området, seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

På Vegvesenet sine Vegtrafikksentralar rundt omkring i landet sit det døgnet rundt folk for å overvake vegane. Operatørane er i kontinuerleg og tett dialog med entreprenørane som har ansvar for vegvedlikehaldet.

– Skal hindre trafikkfarlege situasjonar

Men ingen kan ha auge på alle deler av vegane samtidig. Difor er Vegtrafikksentralen avhengig av at bilistar melder frå. Døme på dette kan vere steinar som har ramla ned eller glatt vegbane.

Åsebø seier det er svært viktig at desse meldingane når fram til Vegtrafikksentralen.

– Dette er først og fremst viktig fordi det kan vere snakk om trafikkfarlege situasjonar som andre kan kome oppi. Difor er det viktig at vi får meldt dette vidare til entreprenørane som kan rykke ut. Det viktigaste for oss er å hindre at det oppstår trafikkfarlege situasjonar på vegnettet, seier ho.

Stein i vegen ved Heilevang

STEIN I VEGEN: På mange vegstrekningar i Sogn og Fjordane ramlar det stadig ned stein i vegbana. Meldingane om desse er det viktig at vi får inn, seier Margot Åsebø i Vegvesenet.

Foto: Johan Moen / NRK

Legg det ut på Facebook

Men ikkje alle tek den viktige telefonen til Vegtrafikksentralen på nummer 175. Åsebø fortel at Vegvesenet registrerer at både Facebook, aviser og NRK blir brukte i staden.

– Også vi veit og forstår at sosiale medium og media er viktige arenaer for å spreie informasjon. Vi brukar også desse for å spreie informasjon.

– Men Vegtrafikksentralen har ei viktig oppgåve for å få varsla entreprenøren. Difor er det viktig at alle slike ting blir meldt inn til 175 og ikkje berre lagt ut på sosiale medium, er oppmodinga.

– Det er dei som kan gjere noko

Meldingar om steinar i vegen som ikkje blir melde inn, får også vidare konsekvensar. Alt nedfall i vegen blir registrert og brukt når Vegvesenet utarbeider behovslister for rassikring.

– Det er også ofte slik at steinar som ramlar ned kan vere starten til større skred. Difor er det viktig at vi får sjansen til å sjekke dette ut, seier Åsebø.

I NRK Sogn og Fjordane set redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske stor pris på at lesarar og lyttarar melder frå til NRK om stoda på vegnettet.

– Det er fint at folk tek kontakt med oss, slik at vi kan få ut informasjonen. Men det viktigaste er at folk først tek kontakt med Vegtrafikksentralen, det er dei som faktisk kan gjere noko på vegane. Så må folk gjerne ta kontakt med oss også, men etterpå, seier Raasholm Fauske.