Mild vinter gjer hjorten til «klimavinnar»

Vintrar med mildvêr og mindre snø er godt nytt for hjortebestanden i landet. Lettare tilgang til mat gjer, ifølgje ekspert, at dei er mellom dyra som kjem ut av klimaendringane som vinnarar.

Johan Trygve Solheim

VINN PÅ VARMEN: Johan Trygve Solheim, ved Norsk Hjortesenter, seier den milde vinteren kjem hjorten til gode.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Hjorten er definitivt ein «klimavinnar» som kjem godt ut av det milde vêret. Mellom anna fordi maten blir lettare tilgjengeleg.

Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter i Svanøy seier hjorten er blant dyra som nyt godt av den milde vinteren me no har i store delar av landet.

Vintrar med høg temperatur gir også godt grunnlag for mindre ettertrakta artar. Om den milde vinteren held fram vil ein truleg sjå meir til både flått og brunsnigel.

Sjølv om hjorten i sum kjem godt ut, byr temperaturane også på utfordringar.

– Det er også positivt for ein del parasittar, som me er vane med om sommaren, som no også overlever vinteren, som kan skape sjukdom hjå hjorten.

Vinterfuglane blir påverka

Den milde vinteren har gjort tydelege utslag for småfuglane.

– Det er mykje bjørkefinkar på vår fôringsplass, seier Morten Haugum.

Saman med kona Heidi Vatsø er han lidenskapeleg oppteken av å observere fuglar. Denne helga skal dei saman med fleire tusen andre telje småfugl for å sjå endringane frå tidlegare år.

Fugletelling

OBSERVERER: Ekteparet følgjer med når fuglane landar i hagen. Denne helga skal dei saman med fleire tusen andre forsøke å sjå endringane i førekomsten av småfuglar.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Andre fuglar blir det færre av over tid.

– Det gjeld meisene. Dei er framleis vanlege, men det blir færre per fôringsplass, seier Frode Falkenberg. Han er rådgjevar og ornitolog i Norsk Ornitologisk Forening.

Grønfinken er ein annan sporvefugl det blir færre av.

– Vi er spent på om dei kjem seg tilbake til normalnivået.

Meir hjort i aust og nord

Solheim seier at det milde klimaet gjer at bestandane aukar, samstundes som hjorten spreier seg utover i landet.

– Færre snørike vintrar i store delar av landet gjer at hjorten spreier seg aust- og nordover. No er det hjort i store delar av sør-Noreg, men også aust for Glomma og nordover til Lofoten. Det er ganske imponerande når ein tenkjer på korleis det var for berre 30–40 år sidan.

Uheldig for elg og rein

Det er likevel ikkje alle hjortedyr som har like stor grunn til å takke mildvêret.

– Elgen er betre tilpassa eit kaldare klima med snørike vintrar. Den er fysisk større og handterer betre store snømengder, der den då fekk eit konkurransefortrinn på hjorten, fortel Solheim.

– No ser ein at elgen mister dette fortrinnet, samstundes som at parasittar råkar elgen hardare.

Han meiner me bør ta til oss endringane som skjer når bestanden av hjort aukar.

– Det vil gjere oss betre i stand til å forvalte den fantastiske ressursen som hjorten er. Både når det kjem til å regulere talet på dyr, men også kvaliteten på dyra.