Hopp til innhold

INP mot brakval – får over 15 prosent fleire stader: – Wow! Du tullar!?

Protestpartiet er blant dei største fleire stader og vil bli eit mektig parti i to landsdelar.

Ann Jorun Hillersøy (INP)

GLISER: Førstekandidat i INP Bergen og Vestland Ann Jorun Hillersøy ser ut til å fly inn på både fylkestinget og bystyret i Bergen. Ho ligg an til å få følge med mange representantar i norske kommunestyresalar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Opprør og protest. Det er blant årsakene til at Industri- og næringspartiet (INP) denne våren og sommaren har fossa fram på meiningsmålingane.

Når alle førehandsstemmene er talde, ser det ut til at partiet får ei sentral rolle når makta skal fordelast i norske kommunestyresalar.

– Dette er ulideleg spennande. Når me ser tal frå Vega og Vanylven, så er det tydeleg at noko er på gang, seier partileiar Owe Ingemann Waltherzøe om den oransje bølga.

Owe Ingemann Waltherzøe på INPs valgvake i Oslo NRKVALG2023

NERVØS: Partileiaren kan hamna på vippen i bystyret i Oslo, men partiet vakar like over 1 prosent. Partiet kjem til å forhandla om makt i mange kommunar denne hausten. – Me har ein god del saker me ikkje kjem til å fira på.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Oppslutning i hele landet

Type valg

Størst i kommunen

I Vanylven på Sunnmøre er partiet det aller største, med 19 prosent av stemmene. Ordførarkandidaten for INP i kommunen, Nils Olav Moen, seier han hadde håpt dei blei størst, men han torde ikkje å tru det.

– Det følast veldig godt. Det er artig når du kan få eit sånt valresultat. Vi visste at vi hadde den beste lista i Vanylven. Det er godt teamarbeid.

Men sjølv om han stiller som ordførarkandidat, trur han ikkje at det er han som får kjedet rundt halsen.

– Det tvilar eg på. Det er mykje spel som føregår i kulissane rett før eit val. Senterpartiet og Venstre lovde at det største partiet skulle få ordføraren, men eg trur ikkje det held mål.

Nils Olav Moen

Ordførarkandidat for INP i Vanylven, der partiet blei det aller største i kommunen med 19 prosent av stemmene.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Størst frå nord til sør

På Vega på Helgeland gjer partiet eit brakval – og ligg an til å få ein tredel av alle stemmene.

Det same er tilfelle nedover heile kysten.

I 19 kommunar ligg partiet an til å få over 10 prosent av stemmene – dei aller fleste i Vestland.

I industrikommunane Kvinnherad, Høyanger og Ullensvang er partiet blant dei største.

– Wow. Du tullar? Er det sant?

Ann Jorun Hillersøy er førstekandidat for INP i Bergen og på fylkestinget i Vestland. Ho har vanskar med å ta innover seg dei sterke tala.

Ann Jorun Hillersøy, førstekandidat i INP Bergen og Vestland

Ann Jorun Hillersøy, førstekandidat i INP Bergen og Vestland

I seks fylke, mellom andre Vestland, ligg det nystarta partiet an til å få over 5 prosent av stemmene.

Dermed kan partiet få stor innverknad også i fylkespolitikken.

– Dette viser at folket ønsker ei forandring. For vår del er dette det første steget mot stortingsvalet om to år. Me vil ha nasjonal kontroll på krafta, og det trur eg mange er samde i. Det viser desse resultata, konstaterer Hillersøy.

Val23 INP på valvake på Stord

BOMBE: INP ligg an til eit brakval på Bømlo, med over 14 prosent av stemmene og fjerde største parti.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Bombe i Sunnhordland

Det same gjeld fleire kommunar som ligg i området som for tida har langt dyrare straum enn resten av Noreg.

På Bømlo er partiet det fjerde største med over 14 prosent av stemmene. Jubelen stod i taket på Stord, der INP frå både Stord og Bømlo hadde felles valvake.

– Dette er heilt fantastisk. Me går inn i dette med skrekkblanda fryd, og har kanskje meldt oss på eit maraton utan å ha trent så mykje, seier Bente Spissøy, som ligg an til å koma inn både i kommunestyret og fylkestinget.

Også i nord har INP gjort det bra. I Troms kjem partiet inn i både fylkestinget og bystyret i Tromsø.

– Det er heilt vanvettig det som skjer no. For tre år sidan var me ingenting. No verkar det som at folk har oppdaga oss, seier førstekandidat John Rainer Løvli.

NRKVALG23, Valgvake INP Tromsø

TO MANDAT I TROMSØ: I Tromsø ligg partiet an til å få to mandat i bystyret.

Foto: Mathias Sommerset Kjellmo / NRK

Avviser samarbeid med Venstre og MDG

I både Bergen, Stavanger og Oslo låg partiet an til å hamna på vippen, ifølge prognosar i august i september.

I Bergen ligg partiet an til å få nesten 4 prosent av stemmene. Det er dobbelt så mange som førstekandidat Ann Jorun Hillersøy hadde håpa på.

– Det er veldig gledeleg og meir enn forventa. Me hadde håpa å få inn éin representant, no ligg me an til å få tre. Dette kan jo sjølvsagt endra seg i løpet av kvelden, men får me over 4 prosent, er me verkeleg fornøgde.

Dermed kan partiet hamna på vippen i det som blir eit svært tett val i Bergen.

Kommunevalget oppsummert for Industri- og Næringspartiet

  • Oppslutning

    Norges 0. største parti

  • Endring

    sammenlignet med 2019

  • Mandater

Partiet har tidlegare avvist å samarbeida med MDG. Valkvelden opplyser Hillersøy at også Venstre er ein raud klut for samarbeid i Bergen og Vestland.

– Me utelukkar samarbeid med Venstre og MDG. Utgangspunktet vårt er at me ikkje går inn i noko samarbeid der det er aktuelt. Målet er å samarbeida frå sak til sak, seier Hillersøy.

Minst i Oslo

I Oslo ligg partiet an til å litt over 1 prosent av stemmene. Det kan likevel vera nok til å få inn eitt mandat, og dermed hamna på vippen og bidra til at Waltherzøe kan avgjera makta i hovudstaden.

– Me har ein god del saker me ikkje kjem til å fira på. Det er særleg vindkraftsaka som står oss veldig nær. Så har du også eigedomsskatten som er ei viktig sak for oss, seier Waltherzøe.

– I Oslo vippar de inn og ut av bystyret. De kan få ein nøkkelrolle også her. Kva tenker du om det?

– Det er først og fremst gledeleg for oss å sjå at det sitjande byrådet, som har smelt att døra så ettertrykkeleg for INP, leverer ein oppseiing som sjeldan nokon har levert.

INP på valgvake i BOdø

JUBEL I BODØ: INP ligg an til å få rundt 3 prosent av stemmene i Bodø.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Opprør og protest

Kutt i skattar og avgifter. Utmelding frå EØS. Stans i sal av norsk straum på Nord Pool-børsen. Nei til utbygging av vindkraft.

Les også INP fosser frem på målingene. Hvem er de?

Jan Inge Selvik i Rogaland INP

Dette er blant fanesakene til partiet som er stifta og leia av Owe Ingemann Waltherzøe

I fleire sterke industrikommunar, særskilt på Vestlandet, har det nystarta partiet gjort det skarpt på målingane før valet.

I juni spådde valekspert Johan Giertsen i Bergens Tidende at partiet ville hamna på vippen i fleire kommunar.

Det kan bli tilfelle, slik det ser ut valkvelden.