Hopp til innhold

Uver på fjellovergangar – stengde vegar og kolonnekøyring

Det er ruskete ver i fjellet mange stader i dag. På Sør- og Austlandet er det sendt ut varsel på kraftige vindkast.

Bilar i kø og som ventar på på kolonne på Hardangervidda

KOLONNE: Biletet er frå Maurset der kolonna startar på vestsida av Hardangervidda. I 13:30-tida er det halvannen times venting, og det er berre fem bilar om gongen som får vere i kolonna.

Foto: Jon Kenneth Heltne

Skal du ut å køyre over ein fjellovergang, må du bu deg på stengde vegar eller kolonnekøyring.

– Vent til i morgon om du ikkje må reise i dag, er tilrådinga frå Tor Evensen ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Han seier det er utfordringar når det gjeld vêret i fjellet, og at det truleg blir slik gjennom dagen. Mange stader er det nedbør, vind og dårleg sikt, og dette skal auke utover dagen og kvelden.

Kolonnekøyring på Hardangervidda

KOLONNE: Slik såg det ut på Hardangervidda i føremiddag. – Det er kolonnekøyring, men god sikt. Det er litt ventetid, inntil ein time, seier brøytebilsjåfør Roar Gjestemoen.

Foto: Roar Gjestemoen

– Dei som vil reise, må planlegga reisa godt og ta høgde for endringar.

Rv. 13 over Vikafjellet er no stengd på grunn av uver. Og det er kolonnekøyring fleire stader.

Det dårlege vêret ser ut til å halde fram i nokre dagar til i romjula.

– På fjellovergangane kan det komme endringar med meir kolonnekøyring utover dagen, og vi kan heller ikkje utelukke fleire stengingar. Det er meldt meir vind seinare i dag, seier han.

Dette er status på fjellovergangar kl. 21.15:

  • E6 Saltfjellet – open, men kolonnekøyring eller stenging kan bli innført på kort varsel
  • E16 Filefjell – open, men kan bli kolonnekøyring på kort varsel. Stedvis glatt.
  • E134 Haukelifjell – open, med snø, isdekke og nokre stader redusert sikt. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.
  • Rv. 7 Hardangervidda – kolonne, kan bli stengt på kort varsel for personbilar. Tre til fire timer ventetid.
  • Rv. 13 Vikafjellet – stengd
  • Rv 15 Strynefjellet – ope – snø- og isdekke. Redusert sikt grunna snøføyk
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet – kolonne.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet – stengd
  • Fv. 53 Tyin – Årdal – stengd.
  • Fv. 50 Aurland – Hol – kolonnekøyring.

På dei andre fjellovergangane i sør og nord er det ope, men fleire stader er det snø, isdekke og redusert sikt.

Vegtrafikksentralen varslar om at det kan bli kolonnekøyring på Saltfjellet eller stenging på kort varsel.

– Folk må sjekke før dei skal køyre. Det kan det vere lurt å vente dersom ein kan, seier trafikkoperatør i region nord, Bente Nyland.

Farevarsel i nord

Venter kraftige vindkast i Salten og Ofoten

VIND: Det blir kraftige vindkast i Nordland søndag.

Foto: Meteorologisk Institutt / yr.no

Også i nord er det venta uver og vanskeleg køyreforhold. Den sterkaste vinden kjem i dag, og det er sendt to farevarsel som begge går på sterk vind.

– Det blir sterke lokale vindkast. I tillegg kan det bli ein del snøfokk med sterk vind. Det vil sette ned siktforholda særleg i fjellet, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga.

Ventar kraftige vindkast

Det er sendt ut farevarsel på gult nivå for kraftige vindkast både for Sørlandet og delar av Austlandet i dag. Det er venta vindkast mellom 15 og 20 m/s. Nær kysten kan det bli opp mot 30 m/s.

Vegtrafikksentralen Øst ber dei som er på vegane om å vere merksame.

– Det kan vere falne tre i vegen på grunn av mykje vind på Austlandet i dag, skriv dei på Twitter.

Båtar som slit seg

Politiet i Agder har fått inn mange meldingar om problem knytt til vêret. Det er lause gjenstandar og båtar som held på å slite seg.

– Det er viktig at båteigarar og privatpersonar sjekkar båten sin. Fest også lause gjenstandar ved husa for å førebyggje at dei blir tekne av vinden, oppmodar politiet.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold