Hopp til innhold

Kom mai, du skjønne ... kalde

Starten av vårmånaden får lågare temperaturar enn normalt for årstida.

Ørsta, 28. april 2023

Opphaldsvêr i Ørsta 28. april.

Foto: Solveig Loe Woldseth

Er snøfresaren og snøskuffa pakka vekk, så kan enkelte måtte finne det fram att i helga.

– Vinteren har ikkje vinka adjø heilt enno, seier meteorolog Charalampos Sarchosidis.

Enkelte stader på Vestlandet får snø «heilt ned i fjæresteinane». Det er også varsla kraftig snøfokk på fjellovergangane i Sør-Noreg.

– Det kjem snø langt ned, sjølv om det mest truleg blir sludd og regn i låglandet og på kysten, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Sjusjøen 28. april 2023.

Det er framleis mykje snø på Sjøsjøen i slutten av april. Løypekøyrar Johannes Haukåssveen har køyrt løyper har ikkje sett så mykje snø her på denne tida på 40 år.

Foto: Roar Berntsen / NRK

For landet sett under eitt ser òg starten på mai ut til å halde seg i lågare del av gradestokken, legg meteorolog Dina Stabell til.

– Store delar av landet får temperaturar som er under normalen neste veke.

  • Stavanger kan få opp mot åtte grader midt på dagen, og eit par plussgrader om natta.
  • I Bergen blir det ganske likt som Stavanger. Den kaldaste dagen blir måndag, så blir det varmare utover i veka.
  • I Oslo kan det kome opp i ti grader enkelte dagar på det varmaste, men stort blir det under ti grader. Om natta er det eit par plussgrader.
  • I Trondheim kan det kome opp i fem grader på det varmaste, mens det kan så vidt blir minusgrader om natta.

Under normaltemperatur

I Troms og Finnmark har det vore mildt vêr, men det blir mindre av varmlufta frå aust utover helga og til neste veke, fortel Stabell.

  • Bodø får temperaturar rundt to-tre plussgrader gjennom heile døgnet i starten av neste veke. Det blir truleg litt lågare temperaturar mot helga.
  • Tromsø kjem så vidt opp på plussida på dagtid, truleg med minusgrader om natta.
  • Kirkenes får nokre få plussgrader om dagen, og kjem rett nedom minussida om natta. Det blir lågare temperaturar utover veka slik prognosane ser ut no.

Kaldare enn vanleg

Også klimaforskar Erik Kolstad ved Norce og Bjerknessenteret for klimaforsking ved UIB seier neste veke ser kaldare ut enn vanleg for denne tida av året.

– No er vi i mai, så det blir ikkje veldig kaldt. Det blir for eksempel mindre og mindre sannsyn for snø.

I Bergen er det til dømes venta opp mot ti grader og meir på dagtid, legg han til.

Kor mykje kaldare enn normalt det blir, er vanskeleg å seie. Men gjennomsnittet av prognosane seier éi til to grader kaldare, opplyser Kolstad.

Erik Kolstad

Klimaforskar Erik Kolstad ved Norce og Bjerknessenteret for klimaforsking ved UIB.

Foto: Andreas R. Graven / Pressebilde

Solrik helg i sør og aust

Den siste helga i april kan bli kvit fleire stader i Noreg.

For Nord-Noreg blir det skiftande vêr, med periodar både med nedbør og sol. Vest om fjella og i Trøndelag er det venta nedbør og litt vind.

Men Sørlandet og Austlandet kan vente seg fint vêr, seier meteorolog Sarchosidis.

– Der blir det mykje sol, særleg gjeld det Sørlandet. Temperaturen vil på dagtid ligge på 10–12 grader.