Hopp til innhold

Uvêr i heile landet – det er sendt ut over 70 farevarsel

Kraftige vindkast, mykje regn, snøfall, snøfokk og fare for snøskred. Dei næraste dagane er Noreg nærmast teppelagt med farevarsel frå sør til nord.

Meterologane

NOREG I GULT: Det er farevarsel som gjeld for omtrent heile Noreg.

Foto: Meterologane

Meteorologane og NVE har ute til saman over 70 farevarsel tysdag klokka 15.30 for landområda i Noreg. Dei er på både raude, oransje og gule nivå.

Vakthavande meteorolog, Trond Lien, fortel at det er klassisk vintervêr vi er inne i no

– Eit høgtrykk har lagt seg over Storbritannia og styrer lågtrykka rundt. Når det ligg eit høgtrykk der, betyr det som oftast veldig dårleg vêr for Noreg sin del, forklarar han.

Lien ber folk vere forsiktige og ta omsyn til naturkraftene.

– Det er viktig at folk sikrar lause gjenstandar og passar på at avløp og liknande ikkje er tette.

Meteorolog ved værvarslinga for Nord-Norge, Trond Lien

ÅTVARAR: Statsmeteorolog Trond Lien ber folk sikre lause gjenstandar.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Gule farevarsel for vind og snøfokk

Hardast vil uveret råke kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag. Her er det venta kraftige vindkast på gult nivå. Frå onsdag kveld kjem desse frå vest og nordvest. Lokalt kan vindkasta komme oppi mellom 27 og 33 meter per sekund.

I tillegg til den sterke vinden åtvarar meteorologane mot kraftig snøfall i det same området. Lokalt kan det komme oppi 10 til 25 centimeter. Det blir mest i indre strøk. I fjellet kan det kome meir.

Nordavinden vil også merkast på Austlandet. Her åtvarar meteorologane mot vindkast på 17 til 23 meter per sekund.

Kombinasjonen mellom kraftig vind og snøfall, gjer at det også er sendt ut farevarsel for snøfokk i fjellområda i Sør-Noreg frå onsdag til torsdag.

Meterologane
Foto: Meterologane

Regn i nord

Iselin Skjervagen ved Meteorologisk institutt, seier farevarsla frå dei dekker omtrent heile Noreg. For medan det skal blåse og snøe i Sør-Noreg, er det regnet som kan skape problem i nord.

I Troms og Nordland er det varsla om mykje regn på gult nivå. Frå tysdagen til onsdag ettermiddag er det venta mildvêr og mykje regn, heile 30–60 mm i løpet av 24 timar. På enkelte stadar på Helgeland kan det komme mellom 60–90 mm.

Vinden som treff Noreg

KRAFTIG VIND: Onsdag og torsdag skal det blåse kraftig nordavind langs store deler av kysten.

Foto: SKJERMDUMP WINDY.COM

Snøskredvarsel

Uvêret fører også til auka snøskredfare. NVE har ute snøskredvarsel for omtrent heile landet. Varsla er raude frå Vest-Finnmark og ned til Møre og Romsdal. Vidare frå Møre og Romdal og ned til Rogaland er dei oransje. Telemark og Hallingdal har gule farevarsel. Elles er det oransje varsel i sør-Noreg.

Der det er ute raude varsel kan enkelte skred bli store og dermed også nå vegar.