Det er storm i fjellet, ferjer står og på flyplassane har det vore køar. Mange får trøbbel på den første av dei to store heimfartsdagane.
På E134 over Haukelifjell har vinden vore opp i 30 meter i sekundet. Det har ført til svært vanskelege køyreforhold.
Likevel tok nokre overivrige bilistar på veg heim tatt større sjansar enn andre.
Ber folk utsetje heimturen
– Vi har stoppa fleire bilistar som vil over fjellet med sommardekk på bilane. Dei kjem ikkje over fjellet i kveld, seier vaktleiar i Statens vegvesen, Olav Stana.
Brøytevakter og kolonnevakter på Haukeli følgjer godt med og lukar ut bilar som er skodd for alt anna enn snøstorm i høgfjellet.
– Ikkje reis over fjellet i kveld om du ikkje må.
Lange køar på Sola
Men medan nokon slit i fjellet, fekk andre problem andre stadar.
På Stavanger lufthavn på Sola blei køane den største utfordringa. Mange måtte vente lenge for å kome igjennom sikkerheitskontrollen.
– Vi hadde ein periode i kveld der det var ein del kø i området ut av sikkerheitskontrollen, seier lufthamndirektør på Sola, Anette Sigmundstad.
Ho forsikrar at dei aller fleste heldt god avstand til andre og at det også var med på å skape ein lenger kø enn vanleg.
– Det var også litt for lite folk på jobb i sikkerheitskontrollen i denne perioden. Det er vanskeleg å berekne kor mange ein skal ha på jobb når folk bestiller billettar rett før dei skal reise, seier Sigmundstad.
Tatt to gonger på fem minutt
Også langs vegane i låglandet blei det fleire stader meldt om vanskelege køyreforhold søndag.
På fylkesvegen ved Våvatnet i Orkland i Trøndelag var tre bilar involvert i eit uhell på glatt føre. To bilar front kolliderte, ein tredje køyrde i grøfta. Til alt hell kom ingen til skade.
– Det er krevjande køyreforhold, melder politiet.
Men ikkje nok med det i Trøndelag.
På E6 i Berkåk blei ein sjåfør tatt for å køyrd for fort to gonger på fem minutt!
– Etter å ha vedteke forenkla førelegg i første kontroll, gassa sjåføren på vidare og køyrde seg inn i neste kontroll, skriv UP Midt-Noreg på Snap.
- Les òg: