Hopp til innhold

Du trudde kanskje vinteren var over? Sundag kjem det snø

Sterke bølgjer og eit mogeleg vedvarande snøvêr kjem innover dei vestlege delane av landet frå sundag av.

snø

FARE: Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø.

Foto: Skjermdump: Meteorologene

– Det er ikkje uvanleg at det kjem snø i april, men folk er alltid like overraska. Folk er innstilt på at våren er her, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Frå søndag kveld til måndag kveld er det mykje snø i vente. I låglandet kan det lokalt koma mellom 5 og 15 centimeter snø i laupet av desse 24 timane i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. I høgda kan det koma meir.

– Temperaturen fell ganske brått på sundagen. I Bergen sentrum kan det vera 5–6 grader på føremiddagen, så kan det koma ned mot – 2 på berre nokre timar, seier meteorologen.

Sidan snøen kjem bygevis, er det vanskeleg å vita akkurat kor mykje snø som kjem kvar. Sidan lufta er ganske ustabil, kan det også koma torden og hagl.

Om snøvêret er det sendt ut gult farevarsel.

– Det er fordi det ser ut til å leggja seg, også i låglandet. Og så tar me omsyn til kvar me er i sesongen, seier Valved.

Kriteriet for å senda ut gult farevarsel er elles at det kjem mellom 5 og 25 centimeter snø i ytre strok.

Ikkje berre eit blaff

Ikkje berre ser det ut til at snøen som kjem mot slutten av helga ser ut til å kunna leggja seg. Det kan også koma snø litt av og på lenger ut i neste veke.

– Det er ikkje nødvendigvis berre eit lite blaff, men det er litt tidleg å koma med detaljar, seier meteorologen.

Snøen kjem fordi det er ein kald luftstraum frå nord som iallfall varar til onsdag.

– Ikkje bruk slutten av påsken til å leggja om til sommardekk. Det kan ein venta litt til med, seier Valved.

Og akkurat det var det kanskje ikkje så mange som tenkte på i Trondheim i dag. Der har snøen allereie kome.

Frå sundag kveld til måndag kveld kan det også koma ein del vind i tillegg til snø i fjellet. Det kan skapa snøfokk på heimreisedagane.

– Ein må smørja seg med tålmod, seier Valved.

Snø på Tyholt

TYHOLT: I Trondheim har det i dag snødd. Over helga kjem det meir.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Kraftige bølgjer kjem frå Svalbard

Den kalde luftstraumen gjer også at bølgjene som kjem nordfrå får god tid til å byggja seg. Dei kjem heilt frå Svalbard til dei treff kysten. Bølgjene ser ut til å verta sterke særleg måndag og tysdag.

– Om ein har fått båten ut i påsken er det lurt å fortøya den ekstra godt. Ikkje legg ut i småbåt, særleg måndag. Det er store krefter i sving og mykje drag i sjøen, seier meteorologen.

Laster Twitter-innhold