Kommunar med kraftproduksjon får i dag store inntekter frå dette. Prinsippet er at lokalsamfunn som forsyner storsamfunnet med energi, får betalt for naturinngrepa.
I dag kjem «kraftkommunane» godt ut av straumkrisa; medan kommunane som ikkje har inntekter frå kraftproduksjon (men store utgifter) kjem dårlegare ut.
Men det såkalla Inntektssystemutvalet presenterte i dag ei liste med forslag til å jamne ut skilnadene mellom norske kommunar, som har svært ulike føresetnadar og skatteinntekter.
Målet er å korrigere for desse skilnadane, slik at kommunane kan tilby likeverdige tenester til innbyggjarane sine.
– Eit svik
– Dette er eit svik mot det grøne skiftet. Vi i kraftkommunane legg alt til rette for framtida sine løysingar, så får vi dette midt i fjeset.
Det seier Petter Sortland (Ap), som er ordførar i kraftkommunen Høyanger.
– Eg ser fram til å setje meg inn i utvalet sine tilrådingar. Dei faglege råda frå utvalet og høyringsvara frå kommunar og andre blir eit viktig grunnlag for den vidare politiske handsaminga, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Hovudkonklusjonen frå utvalet er at dagens system i all hovudsak fungerer godt, med nokre unntak.
Blant tilrådingane er at kommunar ikkje lenger skal få høve til å skru ned formuesskatten for å tiltrekkje seg nye, rike innbyggjarar.
I 2019 vekte det merksemd då Bø i Vesterålen senka formuesskatten frå 0,8 til 0,35 prosent.
– Kraftinntekter skaper store inntektsforskjellar
Med dei galopperande straumprisane har den største spenninga likevel knytt seg til fordelinga av kraftinntekter.
– Mange kommunar har i dag høge inntekter frå vasskraft, havbruksfond og eigedomsskatt på kraft- og petroleumsanlegg. Desse inntektene inngår ikkje i dagens utjamning av inntekter, og skaper store inntektsforskjellar mellom kommunane, skriv utvalet.
Utvalet tilrår difor at desse inntektene bør inngå i ei utjamningsordning mellom kommunane.
– Det er særs dårleg nytt, seier Høyanger-ordføraren.
– Vi vart lova varige inntekter som ein kompensasjon for dei inngrepa som vasskraftutbygging førte med seg. Utvalet sitt framlegg vil føre til at vi mistar 6,5 millionar kroner. Samtidig får dei store eigarkommunane halde på sine eigarinntekter frå kraftselskapa utan utjamning. Det er ikkje logikk i det, seier han.
– Kven vil no gå inn for meir vasskraftutbygging?
I mai 2021 valde politikarane i Høyanger å selje konsesjonskrafta til fastpris i staden for til marknadspris. Det har kosta dei dyrt.
Sortland legg til:
– Vi kan ikkje akseptere at det skal skje ei utjamning av kraftinntektene våre. Og kven vil gå inn for meir vasskraftutbygging, om vi ikkje skal bli sitjande igjen med noko?
For to år sidan la finansminister Jan Tore Sanner (H) vekk eit forslag om å omfordele 3,6 milliardar kroner frå norske kraftkommunar til staten.
– Når ingen ønskjer det, er det berre å leggje det vekk, sa statsminister Erna Solberg (H) til NRK.
Retretten kom etter store protestar frå i alt 200 vasskraftkommunar.
– Ein siger for fornufta og distrikts-Noreg, kvitterte Torfinn Opheim, styreleiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar, LVK.
– Denne omlegginga er sentraliserande
Ivar Kvalen (Sp) er ordførar Luster kommune, der 80 prosent av alt rennande vatn er regulert.
Tidlegare i år droppa dei å krevje inn eigedomsskatt frå innbyggarane etter at inntektene frå kraftsal vart dobla.
– Denne rapporten er endå eit forsøk på å undergrave kompensasjonen for tapt natur i kommunar med kraftutbygging, seier Kvalen til NRK.
Han viser til at staten – gjennom Statkraft og Hydro – er den største kraftutbyggaren i kommunen og alt no «hentar ut enorme verdiar frå bygda».
Kvalen legg til:
– Skal Noreg gjennomføre det grøne skiftet, må vi produsere meir fornybar energi. Å kneble vertskommunane er difor feil veg å gå. I tillegg er omlegginga sentraliserande ved å ta pengar frå små distriktskommunar og gi dei til sentrale bykommunar. Dette forslaget må regjeringa leggje vekk.
Inntektssystemutvalet består av ti medlemmar, frå kommunesektoren, akademia, departement og KS.
Utgreiinga skal no ut på høyring slik at alle som ønskjer det kan komme med innspel til det vidare arbeidet.