Hopp til innhold

Plastposen blir ikkje dyrare likevel: – Folk endra vanane i rekordfart

Kontigenten på plastposar skulle auka enno meir 1. januar. No set Handelens Miljøfond auken på pause.

Handlenett

BLITT EIN VANE: Då prisen på plastposar steig i august begynte Ola Simon Røyksund å ta med seg gjenbruksbart handlenett. No er det blitt ein vane.

Foto: Synne Sørenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Pose?

– Nei, takk!

Svaret kjem klart og tydeleg frå Ola Simon Røyksund. Han har handla litt brød, mjølk og pålegg på Rema 1000 i Bergen.

Opp frå lomma drar han eit grønt handlenett.

– Eg starta å ta med meg handlenett då det blei så dyrt med posar i sommar, seier han.

Mann

Fylkesnes meiner det er bra at posane blei dyrare, sidan det har ført til endring. Om det blir enno dyrare har han ikkje så mykje meining om.

Foto: Synne Sørenes / NRK

For 1. august i år auka prisane på plastposar i dei fleste butikkar i Noreg.

Årsaka var at Handelens Miljøfond auka kontigenten per plastpose med èi krone for dei vel 80 butikkjedane som er medlem i fondet.

Kundar måtte ut med 4 kroner eller meir for ein pose.

Etter planen skulle kontigenten ytterlegare opp med ei krone i januar.

Men no er prisauken sat på pause. Nettopp fordi fleire har gjort som Røyksund.

– Norske forbrukarar endra vanane i rekordfart, seier dagleg leiar i Handelens Miljøfond, Cecilie Lind.

Cecilie Lind i Handelens miljøfond
Foto: Handelens miljøfond

Forbruket gått ned 40 %

I 2022 kjøpte nordmenn 722 millionar plastposar. Det er 132 posar per person.

Sidan 1. august, og prisauken, har plastposeforbruket gått ned 40 %.

– Dei nyaste tala viser at me har redusert forbruker vårt med nesten 60 millionar posar samanlikna med same periode i fjor, seier Lind.

No ynskjer dei å la tiltaket verka enno lenger, før dei skrur opp prisane igjen.

– Me ynskjer ikkje å skru til for hardt og for fort. Då risikerer me at nokon vel eingongsløysingar som papirposar eller andre snarvegar, seier Lind.

Ho legg til at prisen skal etter planen auka med éi krona ein gong før sommaren.

Har du kjøpt færre plastposar sidan prisauken?

Enorm auke i kjøp av gjenbruksnett

NRK har prata med dei største matkjedene i landet om kundane sine plastposevanar.

Simen Kjønnås Thorsen i Coop Noreg seier dei såg endring allereie første veka etter at dei auka prisane.

– Målet er ikkje å gjera det dyrare for kundane, men å endra handlevanane. No ser me at kundane har omstilt seg i rekordfart, seier han.

Dei har seld 34 prosent mindre plastposar sidan 1. august.

Plastpose

Det har blitt seld færre plastposar i norske butikkar det siste halvåret.

Foto: Synne Sørenes / NRK

I tillegg har salet på gjenbruksnett auka med 390 prosent.

Også Norgesgruppen og Rema 1000 har merka nedgangen i sal av plastposar.

Kine Søyland i Norgesgruppen seier likevel ho er glad for at prisen ikkje aukar på ny med det første.

– Kundane har omstilt seg raskare enn forventa, men det er også viktig at dei nye vanane får lov til å setta seg skikkeleg før ein gjere fleire tiltak.

Handlenett

Fleire har med seg eigne handlenett på butikken etter prisauken i august.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Færre enn 40 innan 25

Målet til Handelens miljøfond er at kvar av oss skal bruka færre enn 40 plastposar i året innan 2025.

Derfor fortset dei med handlingskampanjar i samarbeid med butikkane.

– Me er på god veg, men me er ikkje i mål enno. Så me følger utviklinga tett og får på plass kontingent, seier Cecilie Lind.

Les også Nytt byks i plastposekontigent: – Forbruket har ikkje gått nok ned

Plastposar frå Kiwi og Extra

menn

Dalsøren og Bergstøen seier dei ikkje alltid hugsar å ta med eigen pose, men syns det er bra at så mange droppar plastposar.

Foto: Synne Sørenes

På butikken i Bergen møter me også kompisane Nikolai Dalsøren og Markus Bergstøen. Dei droppa pose denne gangen og står med dagens funn i hendene.

– Eg kjøper framleis posar av og til, men foreldra mine er blitt mykje flinkare til å ta med nett og sånt. Det er veldig bra for miljøet, seier Dalsøren.

– Kor dyrt må det bli for at du sluttar heilt med posar då?

– Altså, om det kostar 10 kroner for ein plastpose så er det i alle fall uaktuelt, seier han.