– Vi måtte ha flytta på ein bråte med folk hvis vi hadde fått ein liknande situasjon i politidistriktet vårt. Vi ville ikkje ha takla det utan bistand frå andre, seier Kjetil Drange til Bergens Tidende.
Han er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, og fryktar for konsekvensane av ein terrorsituasjon i distriktet.
- LES OGSÅ:
– Har generelt dårleg bemanning
Politiet skal ha brukt 58 minutt på å komme seg til Utøya, og i Sogn og Fjordane er det store geografiske avstandar med mange fjordar og fjell - noko som naturleg nok aukar utrykkingstida.
I verste fall kan ei utrykking til Sogn og Fjordane ta timar. Drange meiner politidistriktet er generelt dårleg bemanna.
– Vi har mellom 1,0 og 1,1 polititilsett per 1000 innbyggjar. Målet frå sentralt hald er to tilsette i politiet per 1000 innbyggjarar innan 2020 - og det er vi eit stykke ifrå no, seier han til BT.
Ønskjer ikkje å ta debatten no
Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, vedgår at ressurssituasjonen er tøff i distriktet hans.
LES OGSÅ:
Han meiner overfor avisa likevel at det blir feil å gå inn i sin slik diskusjon så kort tid etter tragedien på Utøya.