Hopp til innhold

Slik opplevde han eksplosjonen

16 år gamle Asbjørn Lote var like ved då bomba i Oslo eksploderte fredag. Denne videoen filma han få sekund etter det dramatiske terrorangrepet.

Video Sunnfjordfamilie mitt i dramet i Oslo

SJÅ VIDEOEN: Familien frå Førde hamna midt i dramaet i Oslo.

Lote var i bilen saman med familien sin på ferie i Oslo. Dei skulle til å parkere like ved regjeringskvartalet då dei høyrde eit kraftig smell.

– Eg høyrde ein høg lyd og trudde først at pappa hadde krasja i bilen bak då han skulle rygga, fortel 16-åringen frå Førde.

Men han oppdaga fort at det var noko anna som hadde skjedd. Det var knuste glasruter overalt , glasbitar hagla over bilen og han såg ei diger røyksky som velta opp.

– Eg forstod at det måtte vere ein eksplosjon. Eg hadde eit kamera i bilen og byrja å filme berre få sekund etter smellet kom.

Etter kort tid køyrde dei vekk fordi politiet byrja å sperra av området og det var ambulansar og politibilar overalt.

– Eg tenkte etter kvart at det kunne vere ein terrorist som var på ferde, fortel han.

eksplosjon oslo vindu

STORE ØYDELEGGINGAR: Store område av Regjeringskvartalet blei øydelagd.

Foto: heide lise bakke / nrk