Medan 2020 var rekordvarmt, blei inngangen på 2021 kald.
Mange har nytta vêret i fjellet, men no blir det mildare – og skredfaren er høg i heile Sør-Noreg.
Denne veka gjekk det fleire skred i Sogndal utløyst av folk på ski. Ein av dei var Daniel Kambestad på ein tur ned frå det populære fjellet Togga i Sogndalsdalen.
– Plutseleg forsvann bakken under meg, seier han.
NY TUR FREDAG: Kambestad la ut på ny tur fredag, men gjekk ei litt slakkare rute den dagen.
Foto: Sondre Dalaker / NRKBerga truleg livet
For Kambestad starta morgonen på ski idyllisk. Ski-entusiasten hadde sett seg ut ei fjellside med ein dal nedanfor, og syntest snøen såg fantastisk ut.
– Eg vurderte det til at dette skulle gå greitt, men hadde ein plan for å køyra vekk dersom det skulle skjære seg, seier han.
Men då han slapp seg ut forbi kanten var det litt fastare underlag enn han hadde trudd.
Og så rasa det.
– Snøføyken var kanskje 15–20 meter høg. Det var eit solid skred, ein liten «mordar», seier han.
Takka vere tidlegare erfaringar kom han frå det i god behald.
– I starten av skredet har du eit sekund eller to på å setje skia ned og få litt fart, for å få nok fart til å svinge i skredet. Den tidlegare erfaringa mi redda nok livet mitt, seier han.
Dempar ikkje skigleda
Det heile vart fanga på film.
«Sjå det skredet! Litt dårleg vurdering av meg», seier han etter å ha svinga unna snømassane som fossar ned fjellet.
Men etter å ha opplevd fleire snøskred, er skigleda like stor.
– Dette er lidenskapen min. Eg lever billeg og har mykje fri for å stå på ski, seier Kambestad som både er utdanna lærar og maskiningeniør, i tillegg til å ha sitt eige selskap som fjellguide.
Skia hans er kjøpt brukte, og skijakka var mor hans si.
– Den er frå 1988. Eg lever billeg og brukar pengane på å stå på ski, seier han.
Betydeleg skredfare
Etter ei periode med fint, kaldt og klart vêr blir det no snudd på hovudet. I nord blir det kaldare, medan det blir gradestokken kryp oppover i sør. Vêromslaget kan bidra til å auke faren for snøskred.
Faregraden er
– dei fleste stader i Sør-Noreg dei neste dagane.– Litt nede i snøen har vi eit vedvarande svakt lag, som vil følgje oss i ei god stund framover. Dette lovar ikkje godt for tida framover, seier Sander Buene som både er Tindevegleder og skredobservatør.
SJEKKAR FORHOLDA: Sander Buene sjekka korleis snøforholda var i Sogndalsdalen fredag.
Foto: Sondre Dalaker / NRKHan legg til at snøskred også er ei varsling om at det kan kome fleire:
– Ferske skred er tydelege teikn på at det er skredfare. Ein skal vite kva ein driv med for å seie at det er trygt å bevege seg i skredterreng no, understrekar Buene.