Mellom fjell og fjord på Kjørnes Camping i Sogndal er Anna Hollander og sonen Elliot Hoppe på veg til å gjere fiskestonga klar.
Den svenske familien på fire har lagt ferien til Noreg og Vestlandet i år.
– Me har håpa å reisa hit kvar sommar sidan pandemien braut ut. No kom me oss endeleg på tur att, seier Hollander.
Familien er langt ifrå dei einaste europearane som legg årets sommarferie i Noreg.
For i forskjell til fjoråret, då dei fleste turistar i Noreg var norske, er dei utanlandske turistane no tilbake for fullt.
Det merkar reiselivsbransjen godt.
FISKELYKKE: Ni år gamle Elliot er glad for å vera tilbake i Noreg slik at han kan fiske i fjorden.
Ein dryg time frå Sogndal, på campingplassen Jølster Panorama, er eigar Olav Fugle glad for oppgangen.
– Denne sommaren har omtrent 80 prosent av dei besøkande vore utlendingar. Samanlikna med 2–3 prosent på same tid i fjor, er dette ganske mykje, fortel han.
Pengesterk gruppe er sakna
Då skulle ein jo trudd at alt var fryd og gammen for norske turistnæringar.
Men det er framleis ei gruppe som er sakna.
Grunna karantenereglane i fleire asiatiske land, er turistar frå kontinentet fråverande samanlikna med tida før koronapandemien.
Det merkar dagleg leiar ved Preikestolen basecamp, Eivind Flod. Han fortel at dei har mykje utanlandske turistar, men få frå Asia.
Det er mange som går i sherpa-trappene opp Preikestolen for tida. Men få kjem frå Asia.
– Det er jo dumt. Heile den asiatiske marknaden legg igjen mykje pengar, ikkje berre på hotella, men på restaurantar og i butikkar, fortel han.
Tal som NHO reiseliv har henta inn frå sine eigne medlemmar viser at dei asiatiske turistane glimrar med sitt fråvær over heile landet.
Berre 7 prosent av dei vel 300 medlemmene har svart at dei ventar turistar frå Asia.
Merkar fråværet godt
Til trass for at både europearar og amerikanarar besøker suvenirbutikken til Hallvard Viken ved campingplassen Jølster Panorama, merkar han mangelen på turistar frå Asia.
– Ja, dei har over lang tid vore veldig viktige for butikken, seier han.
TRAVEL: Førre laurdag var 250 turistar frå same cruisebåt innom Audhild Vikens Vevstove. Eigar Hallvard Viken håpar også asiatiske turistar blir å sjå i suvenirbutikken igjen.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRKPR- og kommunikasjonssjef i Fjord Noreg, Kristoffer Fürstenberg, seier den asiatiske marknaden har vore spesielt viktig for å utvide turistsesongen i Noreg.
– Dei har difor gjort at bedrifter kan tilsette fleire på heilårige arbeidsplassar, seier han.
Heldigvis for både Hallvard Viken og andre som saknar dei asiatiske turistane, er Fürstenberg optimistisk.
– I takt med at reiselivsnæringa reiser seg igjen, så trur eg definitivt at også dei kjem tilbake.
Konstantinos Kapsimalis frå Hellas og Linzi Wu frå Tyskland tok turen over Nigardsbreen ved Jostedalsbreen tysdag. – Vakkert, og ikkje alt for kaldt, sa dei.
Foto: Raymond Lidal / NRKMektig natur
I Sogndal er i alle fall familien Hollander-Hoppe glade for å vera tilbake.
Mor Hollander seier den norske naturen er grunnen til at dei lengta seg tilbake til nabolandet.
– Det er fantastisk og mektig natur. Då blir det verkeleg ferie når me kan reisa i eit slikt landskap.
For ni år gamle Elliot er det éin ting som er heilt klart favoritten.
– Det beste er at me kan fiske i fjorden, seier han.
Alt ni år gamle Elliot ville då NRK møtte familien i Sogndal var å fiske. Endeleg var intervjuet over og han fekk kaste snøret.
Foto: Sondre Dalaker