Hopp til innhold

Her kan det bli turistrekord: – Vi får ein dobbel effekt

Vestland og Nord-Noreg er den store feriefavoritten blant nordmenn i år. I tillegg er dei utanlandske turistane på veg tilbake.

Lutro i Ullensvang, Hardanger

HARDANGER: Både nordmenn og utanlandske turistar vil feriera i Noreg i sommar. I Hardanger kan det bli ein av dei beste somrane.

Foto: Tale Hauso / NRK

På parkeringsplassen i Skjeggedal står turistar i turklede rundt eit oversiktskart.

Dei skal på overnattingstur med guide til Trolltunga.

Ein av turistane er amerikanske Deborah Claymon Boeschen.

– No er vi klar for ein overnattingstur til Trolltunga. Vi har venta lenge på å koma hit, seier ho.

Deborah Claymon Boeschen

TROLLTUNGA NESTE: Amerikanske Deborah Claymon Boeschen er klar for guida tur til Trolltunga med overnatting.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kan bli rekordsesong

For reiselivsbransjen i Hardanger ser prognosane veldig lovande ut.

– Det kan gå mot rekordsommar i Hardanger, seier Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord.

Ifølgje SSB var det i 2019 cirka 600.000 kommersielle gjestedøgn i Hardanger-regionen.

Etter pandemi, krig i Europa og kostnadsauke har det vore stor usikkerheit før årets sesong for reiselivsnæringa i Hardanger.

Spesielt har det vore usikkert om nordmenn ville fortsetja å feriera i Noreg og om dei utanlandske turistane ville koma tilbake som før pandemien. Då utgjorde dei utanlandske rundt halvparten av turistane i Hardanger.

– Men no ser det ut som at vi får mange av både dei norske og utanlandske turistane, seier Skogseth.

Turistar på veg til Trolltunga

30 GUIDAR: Trolltunga Active har tilsett 30 guidar i år for å ta imot dei mange turistane til Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nordmenn vil feriera i Noreg

Ei fersk undersøking frå NHO Reiseliv viser at mange fleire nordmenn skal feriera i Noreg i sommar (66 prosent), samanlikna med før pandemien (58 prosent i 2019).

– Før pandemien svara fleirtalet at om dei måtte velja Noreg eller utlandet så ville dei valt utlandet, men no svarer fleire at dei vil på ferie i Noreg, seier Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør NHO Reiseliv.

Og blant nordmenn så er det Vestland som troner øvst som det mest populære feriefylket i år.

23 prosent planlegg ein ferie her. Deretter følgjer Agder (17 prosent) og Vestfold og Telemark (17 prosent).

Det er likevel Nord-Noreg som er den regionen flest ville ha valt om dei skulle reisa til eitt fylke i 2022.

16 prosent ville då valt Nordland.

Reine Lofoten
Foto: Sondre Skjelvik

Frå dei ulike reiselivsbransjane i Noreg er det stor optimisme for sommarmånadane.

  • 17 prosent svarar at dei faktisk har betre bestillingsnivå no samanlikna med eit normalår.
  • 38 prosent seier at det er uendra eller likt som eit normalår.
  • 26 prosent som svarar at det er dårlegare.

– Vi synest det er gledeleg at bestillingstala er så høge, og ekstra store i år mange stadar, seier Habberstad.

Ho legg til krigen og pandemien «framleis spelar inn på tala», og at marknadane i Asia og USA heng etter.

Dobbel effekt

Jostein Soldal eig aktivitetsselskapet Trolltunga Active, som mellom anna tilbyr guida turar til Trolltunga, i tillegg til Trolltunga Hotel i Odda.

Han trur det blir tidenes sesong.

I fjor tente hotellet 10,5 millionar kroner heile sesongen. I midten av mai i år var allereie førehandsbookingane høgare enn heile fjorårets resultat.

For Trolltunga Active hadde dei 4500 gjester med på tur i rekordåret 2019, men i år ser det ut som om 6000 vil vera med.

– Det ser ut som at nordmenn vil framleis reisa i Noreg. Samtidig som dei utanlandske turistane som skulle på tur i 2020 og 2021 no har samla seg og kjem i år. Så vi får ein dobbel effekt med både nordmenn og dei utanlandske turistane, seier Soldal.

Jostein Soldal, Trolltunga Active

SMILER BREITT: Jostein Soldal i Trolltunga Active kan smile breitt og er klar for årets sesong.

Foto: Tale Hauso / NRK