Hopp til innhold

Uroa for manglande barnevernsvakter

Berre 130 kommunar i landet har ei operativ barnevernsvakt, og her i fylket er det berre Gulen som har ei slik ordning. Det uroar familievaldkoordinator i politiet, Linda Åmelfot.

Linda Åmelfot

UROA FOR SITUASJONEN: Familievaldkoordinator i politiet, Linda Åmelfot, har vanskar med å forstå kvifor det ikkje er betre vaktordning i barnevernet i fylket.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Utan vakttelefon er det ofte tilfeldig om politiet får kontakt med barnevernet når dei treng det. Åmelfot meiner borna sine rettar ikkje kan vere avhengig av opningstidene hjå barnevernstenesta.

– Det er kjempeviktig at barnevernet er tilgjengeleg, slik at vi kan hjelpe barnet. Det er barnet sin rettstryggleik det er snakk om, seier ho.

Berre Gulen har tilbod

Barnevernsvakta er barnevernstenesta sin akuttberedskap, som skal hjelpe barn, unge og familiar i akutte situasjonar når barnevernskontora er stengt.

Ifølgje Barnevernsvakta sine nettstader er det berre 130 kommunar i landet som har ei operativ barnevernsvakt, og i Sogn og Fjordane er det berre Gulen som har eit slikt tilbod. Åmelfot seier det har ført til situasjonar der politiet ikkje kjem i kontakt med barnevernet etter kontortid.

– Vi har opplevd å forgjeves prøve å ringe rundt for å få tak i nokon, og det er ikkje alltid vi har lukkast. Vi har av og til lukkast, men det er veldig kjedeleg at det skal gå på det tilfeldige, seier familievaldkoordinatoren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barnevern

VIKTIG TILBOD: Politiet er avhengige av barnevernet for å vurdere kva som skal skje med barn i ein vanskeleg situasjon. Det seier familievaldkoordinator Linda Åmelfot i politiet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Politiet er ofte usikre

For det fører igjen til situasjonar der politiet ikkje veit kva dei skal gjere når barn er involvert.

– Det er ofte politiet kjem i kontakt med barn som openbert treng trygge vaksne rundt seg. Til dømes har vi møtt på rusa 13-åringar og tek kontakt med foreldra, som kanskje også er rusa og ikkje kan hente barnet. Og då står jo politiet oppe i ein situasjon der ein lurer på kva ein skal gjere med barnet. Skal det tilbake til ein familie som er rusa sjølv, eller må politiet ta vare på 13-åringen inntil ein skaffar andre vaksne som er kapable til å hjelpe barnet?

Leiar i KS Sogn og Fjordane Jenny Følling meiner det viktigaste no er å få oversikt over situasjonen. Ho skal invitere fylkesmannen, politiet og barnevernet til KS sitt neste møte i september. Følling seier samarbeid i større einingar kan vere med på å løyse situasjonen med bakvakter i barnevernet.

– Ein er i ferd med å få einingar som kan handtere situasjonen, også når det gjeld helgar. Det er ein fordel å ha fleire personar som kan stille opp når det skjer noko, seier ho.

Fekk brev frå barneministeren

Anne Karin Hamre

VANSKELEG SITUASJON: Eit fylke med spreidde innbyggjarar, og kommunar med stram økonomi, gjer det utfordrande å få bakvakt i kvar kommune. Det seier Fylkesmann Anne Karin Hamre.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Nyleg fekk Fylkesmannen eit brev frå barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne, om akuttberedskapen i kommunalt barnevern. I brevet går det fram at kommunane må ha tilstrekkeleg beredskap til at naudsynt hjelp kan bli gjeve, også utanom kontortid.

Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, seier at enkelte kommunar i fylket berre har 0,7 stilling til barnevern, og at det såleis ikkje er realistisk at kvar kommune skal etablere ei eiga bakvaktsordning.

– Det er også slik at vi bur spreidd, og kommunane har høvesvis lite ressursar til barnevernet. Difor har vi vore ute og oppfordra til meir bruk av interkommunalt samarbeid når det gjeld barnevern, seier ho.

– Må bli interkommunalt samarbeid

Etter at Fylkesmannen fekk brevet frå Solveig Horne har Hamre vore i kontakt med KS.

– Eg meiner at vi, i ein dialog med politiet og KS, må prøve å finne løysingar som er tilpassa Sogn og Fjordane, og det tenkjer eg må vere interkommunalt samarbeid, seier Hamre.

Ho vil ikkje seie noko særleg om korleis eit interkommunalt samarbeid kan løysast i praksis før ho har fått snakka med politiet om behovet.

– Kanskje det kan vere ei løysing å ha ein vakttelefon som politiet kan bruke for å få råd og rettleiing i slike situasjonar, og kanskje denne vakta kan rykkje ut dersom det er behov.

På spørsmål om kvifor det ikkje har vore gjort noko tidlegare, svarar Hamre at Fylkesmannen har vore i jamleg kontakt med politiet. I den tidlegare dialogen har dei ikkje fått melding om at dette har vore ei stor utfordring.