Hopp til innhold

Gjentekne brot på behandlingstida – blir truga med 50.000 kroner i bot

Fylkesmannen ser svært alvorleg på at Førde kommune sidan 2010 gjentekne gonger ikkje har greidd å behandle barnevernssaker innan fristen.

Ove Mjåtveit om fristbrot i barnevernet i Førde kommune

SIDAN 2010: Sidan 2010 har barnevernet i Førde brote fristane for behandlingstid i barnevernssaker. Einingsleiar Ove Mjåtveit beklagar dette på det sterkaste.

Foto: Montasje: NRK/Scanpix

– Dette er veldig alvorleg og kan bety at barn som er i ein vanskeleg situasjon ikkje får hjelp i tide, seier ei tydeleg uroa Anne Karin Hamre som er fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Tala sin tale er ganske dyster, heile tre av fire kommunar i Sogn og Fjordane brukte i 2013 for lang tid på å behandle barnevernssaker. Førde er ein av kommunane, og der har slike fristbrot skjedd gjentekne gonger sidan 2010.

– Dette må ein ta på største alvor, seier Hamre til NRK.no.

55 fristbrot frå 2011 til 2013

Lova seier at kommunane på såkalla uromeldingar har ein frist på ei veke til å sjå på saka. I løpet av tre månader, eller i heilt spesielle tilfelle seks månader, skal det kommunale barnevernet ha avklart om barnet eller familien skal få vidare hjelp eller oppfølging.

Men i Førde kommune har dei sidan 2010 slite med å undersøkje saker i tide. Berre i tidsrommet 2011 til 2013 har Fylkesmannen registrert 55 fristbrot, 24 av desse gjeld brot på seksmånadersfristen og 31 saker tremånadersfristen.

– Det seier seg sjølv at når det går over eit halvt år før ein får undersøkt ei sak der eit barn har det vanskeleg, så kan det få store konsekvensar for det barnet, seier Hamre opprørt.

Varslar bot på 50.000 kroner

Fylkesmannen kan gje tvangsmulkt til kommunar som bryt fristane, men i Sogn og Fjordane har dette skjedd berre ein gong tidlegare.

– Om det skjer fleire fristbrot i Førde kommune no, så kjem vi til å gje dei mulkt, seier Hamre kontant.

Då ventar ei bot på 50.000 kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesmann Anne Karin Hamre

DJUPT UROA: Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane er djupt uroa for situasjonen med fristbrot i barnevernet i Førde kommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det finst ikkje gode grunnar

Einingsleiar for born og unge i Førde kommune, Ove Mjåtveit, beklagar situasjonen dei har kome opp i.

– Det er veldig, veldig uheldig for barna som har krav på å få vurdert den vanskelege situasjonen dei er i, og for familiane som ventar på ei avklaring på om det er grunnlag for tiltak, seier Mjåtveit til NRK.no.

Han seier det ikkje finst gode grunnar for at kommunen har hamna i denne situasjonen.

– Det finst ingen gode grunnar for dette. Det er laga eit system for dette fordi ein skal handsame saker så fort som mogleg, og det er gode grunnar til at det er slik.

– Når vi ikkje har klart det kan ein sjølvsagt seie at det er kompliserte saker og vanskeleg å gjennomføre undersøkingar, men det er endå viktigare at vi prioriterer å gjere jobben skikkeleg, seier han.

Håpar fleire kontrollar skal hindre nye fristbrot

Kommunen har sett i verk fleire tiltak for å unngå fristbrot. Eitt av dei er endå tettare oppfølging av sakene.

– Vi har ikkje hatt god nok kontroll, og vi har no innført fleire kontrollar av sakene. Det vil seie at vi sjekkar ein gong i veka om det er saker som nærmar seg frist. Då blir sakshandsamar kontakta, og spurt om korleis det går og om dei treng hjelp, seier Mjåtveit.

– Kan du garantere at det ikkje blir fleire fristbrot framover?

– Det kan eg ikkje garantere, men eg skal gjere alt eg kan for at det ikkje skjer, lovar einingsleiaren.