Hopp til innhold

Omfattande svikt i Sogn barnevern

Ein fersk rapport frå Fylkesmannen avdekkjer omfattande svikt i Sogn barnevern. Det er stor risiko for at barn og foreldre ikkje får den hjelpa dei treng, heiter det mellom anna i rapporten.

Barnevern illustrasjonsbilete

SVIKT: Ein fersk rapport syner at det har vore omfattande svikt i Sogn barnevern. Dette er eit illustrasjonsbilete.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Det kjem også fram at fleire barn ikkje har vorte høyrde om korleis hjelpa dei får fungerer.

Kommunalsjef i Sogndal, Aud Kari Isane, seier at dei ikkje er nøgde med situasjonen i barnevernet.

– Vi må berre ta tak i dette her. Vi har fått ein tidsfrist for å rydde opp, og få på plass dei systema som avviket viser at vi ikkje er gode nok på.

– For lang tid med hjelpetiltak som ikkje verkar

I Fylkesmannen sin rapport om Sogn Barnevern, som vart presentert sist fredag, blir det avdekt fleire kritikkverdige forhold knytt til dei hjelpetiltak barnevernet i Sogn set i verk.

Det blir mellom anna konkludert med at styringa av hjelpetiltaka er så mangelfull at det medfører stor risiko for at barn og foreldre ikkje får den hjelpa dei treng. Sogn Barnevern har mykje å rette på, seier Turid Måseide hos fylkesmannen.

Aud Kari Isane

SKAL TA TAK: Vi har ein tidsfrist og mykje å gjere, men vi skal ta tak, seier Aud Kari Isane.

Foto: Silje Guddal (MMS) / NRK

– Slike manglar ved styringa som vi har sett her, som er knytt til oppfølging av hjelpetiltak, kan føre til at det er born og familiar som går i for lang tid med hjelpetiltak som ikkje verkar.

– Det kan virke som ein del ting er tilfeldige ved Sogn barnevern, at det er avhengig av kva for ein saksbehandlar som har saka. Stemmer det?

– Når vi slår fast manglar ved styringa handlar det om at det ikkje nødvendigvis er eitt felles system som sikrar arbeidet til kvar enkelt saksbehandlar.

Vedgår at dei har mykje å rette på

I rapporten går det også fram at barna ikkje blir høyrde slik dei skal i samband med evalueringa av hjelpetiltak, at tiltaksplanar for enkelte barn manglar heilt og at sakshandsamarane ikkje har felles forståing for kva som er barnevernsfaglege vurderingar.

Vidare manglar ein felles praksis i korleis sakshandsamarane følgjer opp born og foreldre i samband med hjelpetiltak.

Det går også fram at leiinga ved Sogn Barnevern ikkje følgjer godt nok med på om sakshandsamarane følgjer dei vedtekne retningslinene i samband med hjelpetiltak.

Det er mykje som må forbetrast, vedgår Isane.

– Vi har ein ryddejobb å gjere, og det tek vi tak i.