Hopp til innhold

Psykolog uroa for 20-åringane – Oliver har sett livet på vent i over eitt år

FØRDE (NRK): Oliver Bruland hadde planane klare for sol, varme og spansk-studium i Costa Rica. I staden vart han igjen på guterommet.

Oliver Bruland (20) sit i sofaen heime i Førde

SIT IGJEN: Mens venene har dratt på Folkehøgskule og universitet har Oliver vorte buande heime.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK

– Eg trur eg er den einaste i vennekretsen som er «koronafast». Det kjennest som om alle andre har gått vidare, fortel Oliver Bruland heime frå sofaen.

I fjor fekk han førstegongstenesta utsett eit år for å studere spansk i Costa Rica i Mellom-Amerika.

Alt i februar hadde han lagt planar for året. Han leverte oppseiing frå ekstrahjelp-jobben på det lokale bakeriet og gjorde seg klar for å flytte.

Planane gjekk i vasken

Så stenge verda ned. Brått vart Oliver ein av dei mange som ikkje kom seg av garde. Og det vert heller tre år med fri dersom han held på planane han hadde for eit år sida.

– Eg er bekymra for dei ungdommane som ikkje får flytte på seg og begynt det livet dei ønsker å begynne på, seier psykolog Maria Abrahamsen Østhassel.

Psykologen står bak den populære kontoen @psyktdeg på TikTok, Instagram og Facebook. Der vert ho ofte kontakta av unge som fortel at dei er einsame.

@psyktdeg

Lost it yet? It’s ok to be frustrated, sad and angry. It’s a normal reaction to an abnormal situation #mentalhealth #psychology #psychologist #covid19

♬ original sound - Sam Ramsdell

Ein kritisk fase i livet

– Ungdom i denne situasjonen er i ein ekstra kritisk fase i livet. Dei er under utvikling og er derfor ei risikogruppe i seg sjølv når det kjem til den psykiske helsa, seier Østhassel.

Mange av kompisane til Oliver har reist på folkehøgskule og universitet.

– Det er litt surt å sjå og høyre om alt det gøye dei gjer på. Mens eg ikkje har gjort noko anna enn å jobbe, seier han.

Oliver Bruland skjerer opp og pakkar inn nybakte brød på bakeriet

BAKERI: Arbeidsdagen startar tidleg på når ein skal levere fersk brød kvar dag.

Foto: Martha Linnea Pukallus

– Økonomisk sett har eg eit veldig bra år. Eg tener pengar og sparar opp. Men så er det ikkje så mykje å gjere på heller.

Heldigvis fekk han tilbake jobben på Naustdal Dampbakeri, og sidan i haust har han stått opp grytidleg for å halde butikkane i Sunnfjord med brød.

Oliver Bruland skjerer opp og pakkar inn nybakte brød på bakeriet

PAKKESTASJON: – Eg er ei potet, eg gjer litt forskjellig. I dag er det å skjere opp og pakke inn nybakte brød.

Foto: Martha Linnea Pukallus

Mange kjenner seg einsame

For mange var 2020 året dei skulle feire avslutninga på mange år med grunnleggande skulegang. Tida var endeleg inne for å reise ut i verda og gjere sjølvstendige val for framtida.

I staden måtte russekullet feire avslutninga på mange års skulegang med ein meter avstand. Festivalsommaren vart avlyst, og sydenferien fråråda og skambelagt.

– Eit år for ein ungdom er mykje lengre enn for ein trettiåring, seier Østhassel.

Oliver Bruland (20) sit i sofaen heime i Førde

HEIME: – Det er ikkje så mykje å finne på etter arbeidstid, koronaen har jo stengt ned alt.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK

– Ikkje berre ser vi at sosial isolasjon kan føre til angst, depresjon og einsemd, men også fordi vi skal utvikle vår sosiale kompetanse i møte med andre, seier ho.

Sjølv om det er kjipt, er Oliver bestemt på å bite tennene saman og gjere det beste ut av situasjonen.

– Eg er ikkje den einaste i Noreg som har det sånn, seier Oliver Bruland.