Hopp til innhold

Uro i små kyrkjer etter at regjeringa varslar omkamp om trusstøtte

Den nye regjeringa «vil gjennomgå kriteria for støtta» til norske trussamfunn. Det kan vere dårleg nytt for små kyrkjelydar.

Den nye regjeringa varslar at dei «gjennomgå kriteria for støtten» til norske trussamfunn. Det kan vere dårlig nytt for pinsemenigheten på Stad.

LITEN KYRKJELYD: Pinserørsla på Stad tel 110 medlemmar. På bilete er også nokre som ikkje soknar til kyrkjelyden. Erviksanden i bakgrunnen.

Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes / Fjordabladet

– Dei må finne andre måtar å kontrollere dette på enn å tvile på små trussamfunn, seier Ruben Dalsbø, som er dagleg leiar i Filadelfia på Stad.

Kyrkjelyden har 110 medlemmer, og er eitt av i alt 762 norske trussamfunn som fekk statsstøtte i 2020. Støtta er i dag 1310,- kroner per medlem.

– Vi er passeleg store, seier Dalsbø.

Det er ikkje alle einige i.

I innstillinga til den nye trussamfunnsloven (sjå faktaboks) gjekk Arbeidarpartiet inn for at alle trus- og livssynssamfunn må ha minst 500 medlemmer for å bli registrerte og få økonomisk støtte.

Senterpartiet foreslo eit krav på 100 medlemmer.

I dag er grensa 50 medlemmar.

I den nye Hurdalsplattformen varslar Støre-regjeringa at dei vil «sikre trus- og livssynssamfunn føreseieleg finansiering».

Før dei legg til at dei vil «gjennomgå kriteria for støtte.»

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum

GJENNOMGÅ KRITERIA: I den nye Hurdalsplattformen varslar Støre-regjeringa at dei vil «gjennomgå kriteria for støtte.»

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Naturleg at vi gjennomgår dette

– Då vi handsama den nye truslova, var verken vi eller Arbeidarpartiet samde i alle kriteria eller i mengdekravet. No som vi er i regjering er det naturleg at vi gjennomgår dette på ny, seier Åslaug Sem-Jacobsen, som er livssynspolitisk talsperson i Senterpartiet.

I alt er 680.000 nordmenn medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja.

– Eg tolkar dette som ein omkamp om støtta til dei minste trussamfunna, seier Vebjørn Selbekk, redaktør i den kristne avisa Dagen.

Åslaug Sem-Jacobsen

NATURLEG: – No som vi er i regjering er det naturleg at vi gjennomgår dette på ny, seier Åslaug Sem-Jacobsen, som er livssynspolitisk talsperson i Senterpartiet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Håper på «distriktsrefleksen» til Senterpartiet

KrF-politikar Trude Brosvik håper «distriktsrefleksen» til Senterpartiet vil kome dei små trussamfunna til unnsetning.

– Her i Sogn og Fjordane er det jo knapt eit einaste trusamfunn som har fleire enn 500 medlemmar, seier ho.

Fasiten viser at svaret er eitt. I Sogn og Fjordane er det berre eitt trussamfunn utanom Den norske kyrkja som har fleire enn 500 medlemmar: Florø Islamisk Kultursenter.

– Om kravet til talet på medlemmer skal auke, er det viktig at det ikkje blir sett så høgt at det skaper unødige problem, seier Erhard Hermansen, som er generalsekretær i Noregs Kristne Råd.

Han viser til kvekarane som har vore «som ein plogspiss for religionsfridomen trass i sin beskjedne storleik».

– Dei står dessutan i ein teologisk særstilling som gjør det vanskeleg for dei å slå seg saman i forbund med andre trussamfunn.

Livssynspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, har tidlegare forklart at målet med å auke grensa er å redusere byråkratiet.

Ho har difor foreslått at små trussamfunn kan finne saman i paraplyorganisasjonar og slik kome over grensa på 500 medlemmer. Et forslag KrF har kontra med at vil vere «ideologisk krevjande».

Det same seier Ruben Dalsbø i Filadelfia på Stad.

– Vi har ein sterk kultur i pinserørsla for at alle meinigheiter er sjølvstendige, og det har vore ein god ting, seier han.

Den nye regjeringa seier dei «vil gjennomgå kriteria for støtta» til norske trussamfunn. Det kan vere dårleg nytt for pinserørsla på Stad.

INGEN ENDRINGAR, TAKK: – Dei må finna andre måtar å kontrollere dette på, enn å tvile på små trussamfunn, seier Ruben Dalsbø, som er dagleg leiar i Filadelfia på Stad.

Foto: Privat

– Vil overraska om den nye regjeringa endrar kriteria

I 2010 fekk «Stålsett-utvalet» i oppdrag å gjennomgå landets trus- og livssynspolitikk på vegner av den andre Stoltenberg-regjeringa. Deira anbefaling var ei grense på 100 medlemmar for å få statsstøtte.

Sturla Stålsett, som leia utvalet, seier til NRK at han vil bli «overraska» om den nye regjeringa endrar kriteria.

– Det einaste som er tydeleg frå plattforma, er kravet om 40 prosent kjønnsrepresentasjon i organet som forvaltar statsstøtta.

Den nye trussamfunnsloven tredde i kraft 1. januar 2021.

Halvor Nordhaug vart biskop i Bjørgvin i 2009. Han leier det største bispedømet i landet og er også biskop for dei norske kyrkjene i utlandet.

VIL UTELUKKE: – Høgare grenseverdi vil utelukke mindre forsamlingar som ikkje er organisert i større nasjonale einingar, seier Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin.

Foto: Den norske kirke