Universitetsmuseet i Bergen er no sikker på at innbrotet på Historisk Museum ikkje er eit tilfeldig innbrot.
- Bakgrunn:
Fleire ting tyder på at innbrotet ikkje blei gjort av amatørar, ein teori som blei vurdert tidleg. Universitetet er no sikre på at innbrotet ikkje var tilfeldig.
– Alt tyder på at det er ein viss grad av profesjonalitet over innbrotet, stadfestar rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, overfor NRK.
MUSEUMSDIREKTØR: Henrik von Achen oppjusterer fredag talet på stolne gjenstandar frå 250 til 400. Det dreier seg primært om «uvurderlege vikingskattar».
Foto: UiBOppjusterer frå 250 til 400 stolne gjenstandar
Museet gjekk tidleg ut og stipulerte at om lag 250 gjenstandar, primært frå vikingtida, var forsvunne.
- Les:
Fredag stadfestar von Achen overfor NRK at over 400 gjenstandar er stolne.
– I norsk museumshistorie er det ikkje noko tjuveri som har vore verre eller meir omfattande enn dette, meiner von Achen.
Han seier at «ting tyder på» at tjuvane har hatt god tid på seg inne på museet. Ein eller fleire gjeringspersonar tok seg inn i i 7. etasje i Historisk Museum via eit stillas, mest truleg natt til sundag. Museumsdirektøren tar på vegner av UiB sjølvkritikk for manglande sikring, melder UiB.
– Viss me kan slå fast at alarmane som blei utløyste laurdag er knytte til innbrotet, kan me seia at tjuvane har hatt om lag halvannan time på seg inne på museet, seier museumsdirektøre i ei pressemelding.
OPNE SKAP: Opne skap og uttrekte hyller møtte tilsette ved Universitetsmuseet måndag. Museumsdirektør Henrik von Achen seier dei stolne gjenstandane primært er «uvurderlege vikingskattar».
Foto: Kari K. Årrestad / UniversitetsmuseetMagasina var overfylte akkurat den helga
UiB-rektor Dag Rune Olsen fekk fredag for første gong sjå korleis innbrotet ved Universitetsmuseet blei utført.
Det som gjer innbrotet spesielt, er at det blei gjennomført akkurat den helga då magasina var overfylte. Før helga blei ei stor mengde gjenstandar plasserte mellombels i desse magasina før dei skulle inn i eit fjelldepot.
MISTENKJER IKKJE TILSETTE: Universitetsrektor Dag Rune Olsen såg skadane etter innbrotet for første gong fredag.
Foto: Tim Christian Wassmo / NRK– Desse skulle overførast til eit sikrare og betre magasin.
– Når skulle det skje?
– Det skulle eigentleg ha skjedd på måndag. Altså måndagen etter innbrotet blei gjennomført, seier Olsen.
– Har du tru på at tilsette kan ha informert om at magasinet var ekstra fullt denne helga?
– Nei, det er ingenting som tyder på det.
– Ikkje tilfeldig
Krimekspert og tidlegare politispanar Johnny Brenna er overtydd om at det ikkje er tilfeldig at ranet blei gjennomført når magasina var uvanleg fulle.
– Når ein veit at det var ekstra mange gjenstandar i magasinet på det tidspunktet, er eg rimeleg trygg på at dette var kjent blant gjeringspersonane. Det er ikkje tilfeldig, seier han til NRK.
VISSTE OM FULLE MAGASIN: Krimekspert og tidlegare politispanar Johnny Brenna meiner gjerningspersonane hadde kjennskap til kva som befant seg i museet.
Foto: NRKUiB skriv at musuemsdirektøren tek sjølvkritikk for manglande tryggleiksrutinar. Femte og sjette etasje var mellom anna uten alarm då tjuvane slo til.
Von Achen nektar for at museet mistenkjer at tilsette har gitt utanforståande tilgang til sensitive opplysingar.
– Eg reknar det som heilt umogleg. Dei tilsette har hundre prosent integritet.