– Ungdommar vil alltid røyke hasj og bruke illegale middel, men eg trur ikkje det blir gjort like opent som i serien, seier Sandra Tenud.
Ungdomane ved Firda Vidaregåande på Sandane er hekta på nettserien Skam. Tredje sesong er godt i gong, men det er noko som skurrar. Ungdomane kjenner seg ikkje att i rusbruken.
Allereie i første episode sit Isak og gutegjengen på ein fest, der dei openlyst røyker marihuana frå ei flaske.
– Det er ikkje vanleg for oss å ha så store husfestar, at mange kjem, og at det skjer så mange ting som på Skam, meiner Angie Avendano.
- Les også:
Eit stykke mellom Vestlandet og Vestkanten
Skam har fått mykje skryt for å vise ein ungdomskultur som speglar norsk ungdom. Forskar Guro Ødegard, seier hasj er utbreidd i nokre ungdomskulturar, men ikkje gir eit reelt bilete på norsk ungdom.
– Dersom ein ser på undersøkingar frå Ung Data, viser det seg at hasjbruk er lite utbreidd mellom ungdom generelt, seier ho.
For ungdomane på Sandane blir avstanden mellom Vestlandet og vestkanten i Oslo stor. Redaksjonssjef i P3, Håkon Moslet, seier Skam tek utgangspunkt i ein spesifikk kultur i Oslo.
– Det vil heilt sikkert vere forskjellar på korleis ungdomar festar der, og andre stader i landet. Når det gjeld hasjrøyking, så er det veldig vanleg i Oslo. Noko statistikk viser spesielt på Oslo vest, seier Moslet.
- Les også:
Få har prøvd hasj
I ei landsomfattande undersøking frå Ung Data, svarar 89 prosent av dei spurde ungdomane i vidaregåande alder, at dei aldri har prøvd hasj.
Ungdom som samlar seg på badet for å røyke hasj som på Skam, kjenner ikkje Sandra Tenud seg ikkje att i.
– Om det er nokon som røyker hasj, så gjer dei det kanskje heller for seg sjølv eller med nokre vener. Dei sit ikkje openlyst på ein fest eller midt ute på gata som på Skam, seier Tenud.