Hopp til innhold

Ukrainske Daria slepp storby-kø – busette seg på liten stad

Store byar som Oslo og Bergen slit med å få busett flyktningane. I småkommunane går det mykje raskare.

Daria Osharova og dei tre jentene hennar flykta frå Ukraina. Jentene heiter Vlada, Kristina og Sofiia.

PÅ PLASS: Familien Osharova er glade for at dei raskt fekk ein heim i Måløy. Tvillingane Vlada (til venstre) og Kristina (13), Daria (37) og Sofiia (10) trivst godt.

Foto: privat

– I storbyane er det mange flyktningar og mykje kø. Her får vi raskare hjelp.

Det seier Daria Osharova frå Ukraina. Då ho flykta til Noreg, ønskte ho og dei tre døtrene å få rask hjelp. Valet fall på Måløy, ein småby som tel om lag 3300 innbyggjarar. At ho har familie her frå før, var også viktig.

Osharova kjenner mange flyktningar frå heimlandet som no står i køar i storbyane. Ho rår dei til å gjere det same som henne:

– Her er det lettare å få hus, jobb og hjelp, seier trebarnsmora.

Store fordelar å vere liten

Per 9. mai er 1296 ukrainske flyktningar busette i norske kommunar.

Medan fleire større byar slit med å busette flyktningane, har fleire små stader greidd å busette fleire så langt. Ein av dei er Hyllestad kommune, som tel knapt 1300 innbyggjarar. Så langt har dei busett fem ukrainske flyktningar.

Det er like mykje som Bergen kommune med sine nær 290.000 innbyggjarar.

I førre veke kunne NRK melde at over 100 flyktningar hadde venta på ein heim i vekevis og budde på hotell og mottak.

Les også Bergen har kun bosatt én ukrainsk familie: Yevheniia og over 100 andre har ventet i ukevis

Yevheniia Pozdnikhorenko

Kommunen skuldar mellom anna på ressursmangel.

Elisabeth Fanebust i Hyllestad kommune trur små kommunar har nokre fordelar som store stader ikkje har.

– Vi har små avstandar og samarbeidet går raskare, seier Fanebust, som berre er nokre steg unna helseapparatet i kommunebygget, medan skulen i bygda er rett over gata.

Elisabeth Fanebust, leiar NAV Hyllestad.

FORDEL: Å vere ein liten kommune kan vere ein fordel, seier Elisabeth Fanebust i Hyllestad. Ho jobba i Bergen kommune før, og ser at det ofte går kjappare i små kommunar.

Foto: Privat

Før Fanebust kom til Hyllestad, jobba ho mange år i Bergen kommune.

– Vi løyser ofte ting mykje raskare i Hyllestad. Det kan vere vanskeleg for store kommunar å vere så tett og raskt på som vi greier i dei små kommunane.

– Vi snudde oss raskt rundt

Ein ringerunde NRK har gjort viser at mange mindre kommunar ligg framfor fleire av dei større kommunane i tal flyktningar busette i kommunal regi. Til dømes har Kinn kommune skaffa heim til 20 ukrainske flyktningar. Innan få veker er dei oppe i 52.

– Vi snudde oss raskt rundt og starta med det viktigaste først, nemleg bustader, seier Ninja Tolo Ness, dagleg leiar Kinn Utdannings- og Ressurssenter.

Også ho trur små kommunar har fordelar storkommunar ikkje har, fordi det er kortare veg mellom sjefar og tilsette.

– Og kanskje mindre byråkrati, undrar ho.

Bergen stolte av innsatsen

Katrine Nødtvedt, byråd i Bergen, seier dei gjer sitt beste for å busette flyktningane.

Katrine Nødtvedt

STOLT: Fleire små kommunar har greidd å busette fleire flyktningar enn Bergen. Byråd Katrine Nødtvedt seier ho er stolt av kommunen sin innsats. Ho seier busettinga snart vil ta fart.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Men kva er årsaka til at Hyllestad har greidd å busette like mange ukrainske flyktningar som Bergen?

– Vi har ei lita utfordring med at vi må rigge eit apparat til å ta imot veldig mange. Men vi jobbar på spreng, og i løpet av kort tid skal vi greie å busette mange vi også.

Men dei små kommunane har vel møtt på ein del av dei same utfordringane også?

– Vi har vore vertskap for akutt-innkvarteringa til UDI sidan starten av kringen, og har hatt opp mot 2000 flyktningar i gangen. Vi er pressa på kapasiteten innan tolk, og må også levere til helse, barnehage og skule, seier Nødtvedt.

Dei har også problem med å skaffe nok tilsette, seier ho.

Synest du det er bra nok å berre ha busett fem så langt?

– Eg er veldig stolt over kva dei tilsette og byen har gjort for å ta imot flyktningane.

Men er det bra nok?

– Eg trur det einaste eg kan seie er at vi gjer vårt aller beste og jobbar på spreng, seier Nødtvedt.

Fleire proppar i systemet

Medan Bergen mellom anna skuldar på kapasitetsproblem, peikar ein del andre kommunar på andre utfordringar.

I Oslo var talet på busette flyktningar nyleg 44, men dette var ikkje kommunen nøgde med. Dei seier problemet er at staten er for treig med å kartlegge flyktningane som er på mottak. No har kommunen fått lov til å ta over dette arbeidet sjølve for å få fortgang i busettinga, og per 9. mai var dei oppe i 96 busette flyktningar, fortel Ingunn Eck i kommunen.

Ukrainske flyktningar til Måløy. 
Frå venstre: Daria, Kristina, Sofiia og Vlada Osharova

VIL BLI: Familien Osharova gler seg til å bli fulltalige, for snart kjem pappaen i familien til Måløy. Familien ønskjer å bli verande i Noreg. Frå venstre: Daria, Kristina, Sofiia og Vlada.

Foto: Privat

Også Gunhild Gimmestad, kommunalsjef i Gloppen er frustrert over «ein propp i systemet». Kommunen står til å huse mange flyktningar, ifølge Firda Tidend.

Dei er ikkje åleine, ifølgje Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS.

– Hovudbildet er at kommunen sit og ventar på å ta imot flyktningane, seier Helgesen.

Både registreringa hos politiet og i mottaka har mellom anna tatt lang tid.

Eit lyspunkt er at kartlegginga har blitt forenkla, noko som gjer til at busettinga truleg kan skyte fart, seier Helgesen.