Hopp til innhold

Klimatilskota forsvann – no protesterer dei

Medan Oslo føreslår 70 millionar til sitt klimafond, vil Bergen kutte tilskotsordninga for klima heilt. Men byråden avviser at dei nedprioriterer klimatiltak.

Klimakutt

PROTESTERER MOT KUTT: Mange samla seg utanfor Rådhuset i Bergen for å protestere mot dei føreslåtte klimakutta.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette er så viktig for Bergen at me ikkje kunne sitte stille.

Det seier dagleg leiar Ingrid Solstrand i klima- og miljøorganisasjonen Bærekraftig Liv.

Bakgrunnen er at byrådet har føreslått eit klimakutt på ti millionar kroner.

Ingrid Solstrand, som er daglig leder i Bærekraftige Liv.

Ingrid Solstrand (midten) deltok i oppropet utanfor Rådhuset før ho gjekk inn for å halde ein appell til utvalet i Rådhuset.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Frå ti millionar til ingenting

Fredag 31. mai la byrådet i Bergen fram revidert budsjett.

I ein vanskeleg økonomisk situasjon var det forventa at noko måtte kuttast.

Men klimakutta kom brått på for Solstrand. Ho hadde venta på at kommunen sine tilskotsordningar for klimatiltak og miljøorganisasjonar skulle lysast ut.

Så vart dei føreslått kutta.

klimakutt

Folk frå 16 organisasjonar samla seg utanfor Rådhuset denne ettermiddagen.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

– Me vart forsikra om at midlane skulle kome, men var utsett. Så det var ei stor overrasking då dei plutseleg blei kutta, seier Solstrand.

Ho fekk først vite om kutta gjennom avisene.

Frå ti millionar kroner i budsjettet som vart vedteke i haust, stod tilskotsordningane og kommunen sin interne klimastrategi igjen med null kroner i revidert budsjett.

I tillegg foreslo byrådet å leggje ned sin eigen klimaetat, og fordele oppgåvene til etaten innanfor byrådet.

Bystyret skal røyste over byrådets forslag til revidert budsjett under bystyremøtet 19. og 20 juni.

klimakutt
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Opprop og demonstrasjonar

På under to veker har dei føreslåtte kutta ført til eit opprop frå klimaforskarar, samt to demonstrasjonar.

Saman med 15 andre organisasjonar og lokallag tok Bærekraftig Liv imot bystyret då dei møttest onsdag kveld. Organisasjonane er svært kritiske til det føreslåtte klimakuttet.

Politisk nestleiar for Grønn Ungdom, Frøya Skjold Sjursæther (18), meiner at forslaget er et svik mot dei unge.

Klimakrisa er vår generasjons største hovudverk. Vår generasjon og framtidige generasjonar er dei som kjem til å tape mest på klimakrisa, og som i størst grad vil kjenne konsekvensane på kroppen, seier ho.

klimakutt

Organisasjonane påpeikar forskjellen mellom Oslo og Bergen.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Lokallagsleiar for Bergen Natur og Ungdom, Anders Tuxen (17), er samd med Sjursæther.

I ei tid der det vert sett varmerekord på varmerekord er det uansvarleg at byrådet i Bergen går inn for å svekke byens klima- og miljøsatsing endå meir. Vi meiner at byrådet sviktar oss unge og «fucker» med framtida vår, seier han.

Både Solstrand og Sjursæther reagerer på at Høgre vil kutte ordningane i Bergen, samstundes som Høgre-byrådet i Oslo vel å spytte inn 70 millionar kroner meir i sitt klimafond.

– Det verkar som om Høgre ikkje er heilt einige med seg sjølv, seier Solstrand.

klimakutt
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

– Vanskelege prioriteringar

Byutviklingsbyråd i Bergen, Christine Kahrs, seier at den krevjande økonomiske situasjonen fører til at byrådet må gjere vanskelege prioriteringar.

For dei konkrete organisasjonane vil nok dette kunne innebere ein reduksjon i det tilbodet dei leverer til innbyggarane, skriv ho til NRK.

Fleire av organisasjonane vil likevel få tilskot frå kommunen, understrekar ho. Byrådsavdelinga for byutvikling har fleire faste poster på budsjettet der ulike aktørar blir løyvd tilskot.

Berekraftig Liv er blant desse. Dei er løyvd 410 000 kroner i tilskot i 2024.

Likevel har dei tidlegare mottatt meir enn det dobbelte, då dei også hadde moglegheit til å søke om støtte gjennom tiltaksordninga.

klimakutt
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Kahrs fortel at byrådet vil ha eit møte med fleire av aktørane for å lytte til deira bekymringar.

Når det gjeld forslaget om å leggja ned klimaetaten, meiner ho at dette ikkje vil sette ein stoppar for klimaarbeidet.

Klimaarbeidet vil fortsette uavhengig om kommunen vel å omorganisere ressursane som ein eigen etat eller ikkje. Vi måler ikkje klimaarbeidet i korleis det vert jobba med, men kor mykje vi klarer å kutte utsleppa, seier ho.

Norsøk forsker på klimagass i landbruket Tingvoll

Forskar på å lagre klimagassar i jorda: – Gardbrukarane får noko ut av det også