Hopp til innhold

Ukraina-krigen bremsar norsk havvindsatsing

Feil med stålplatene gjer at ferdigstillinga av den største flytande vindparken i verda må vente til neste år.

Hywind Tampen

SLØVÅG, VESTLAND: Hywind Tampen-turbinar vert no montert ved Wergeland base i Gulen.

Foto: Jan Arne Wold /© Equinor

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Stålmangel og flaskehalsar i forsyningskjeda gjer at ferdigstillinga av Hywind Tampen – «den største flytande vindparken i verda» – vert utsett til neste år.

Metall og mineral har vorte kalla «Putins trumfkort» i det geopolitiske spelet mellom Vesten og Russland, og delar av den globale stålmarknaden har kollapsa som følgje av Ukraina-krigen.

Etter planen skulle Hywind Tampen forsyne Gullfaks- og Snorre-felta i Nordsjøen med straum frå i haust av.

No vert det i staden redusert straumproduksjon etter at det vart funne «kvalitetsavvik i stålplater i fire tårnseksjonar». Det melder Equinor.

– Lengre gjennomføringstid vil få konsekvensar for kostnadane, seier Eskil Eriksen i Equinor til avisa Nordhordland.

Han viser til at vêrtilhøva på haust- og vinterstid ikkje gjer det forsvarleg å frakte dei siste turbinane frå industrikaia og ut i Nordsjøen før til våren.

I praksis betyr det at fire av elleve vindturbinar må overvintre i Sløvåg i Gulen (video under).

– Havvindsatsinga svekka av mangel på arbeidskraft

Prosjektdirektør for Hywind Tampen, Olav-Bernt Haga, seier at ambisjonen framleis er å levere straum i løpet av året «først til Gullfaks, så til Snorre-feltet».

I mai varsla Støre-regjeringa at dei vil ha 1500 vindturbinar i norske havområde innan 2040, og at havvind skal produsere like mykje kraft som norske vassturbinar.

Men, slik problemet med stålplatene demonstrer, er politisk vilje berre ein av fleire «innsatsfaktorar» som styrer farten i den norske havvindsatsinga.

I eit skriftleg spørsmål til energiministeren spør Rasmus Hansson (MDG) korleis det europeiske suget etter norsk gass harmonerer med havvindsatsinga.

– Vi fryktar at mangel på arbeidskraft på norske verft vil føre til ei svakare havvindsatsing, seier Hansson til NRK.

Arbeidarar ved norske verft ferierer i dag i puljar for å halde gassproduksjonen oppe.

Equinor vil byggje havvindpark utanfor Bergen

I juni varsla Equinor at dei greier ut moglegheita for ein flytande havvindpark i Troll-området om lag 65 kilometer vest for Bergen. Målet er at «Trollvind» skal levere ekstra kraft til Bergensregionen.

Foto: Equinor

Internt notat: «Stor risiko for at Noreg hamnar bakpå»

Spørsmål om den norske havvindsatsinga har også vore reist «innomhus».

I juni skreiv DN om eit internt UD-notat som åtvarar om at det er «stor risiko for at Noreg hamnar bakpå på havvind».

Bakgrunnen var eit havvindtoppmøte med regjeringsleiarar frå Tyskland, Nederland, Belgia og Danmark der Noreg ikkje var invitert.

Møtet kulminerte i Esbjerg-erklæringa, der det heiter at Nordsjøen skal bli «Europas grøne kraftverk».

Chancellor Olaf Scholz, Prime Minister Alexander De Croo (Belgium), Prime Minister Mette Frederiksen (Denmark), Prime Minister Mark Rutte and Ursula von der Leyen (President of the European Commission) (left to right) during a summit in Denmark on wind energy in the North Sea. ANP SEM VAN DER WAL netherlands out - belgium out(Photo by Sem van der Wal/ANP/Sipa USA)

Olaf Scholz (Tyskland), Alexander De Croo (Belgia), Mette Frederiksen (Danmark) og Mark Rutte (Nederland) under toppmøtet om havvind. Noreg var ikkje invitert.

Foto: ANP / SipaUSA

«Når det vert snakka om Nordsjøen som Europa grøne kraftverk utan at Noreg er med, inneber det at Danmark er i ferd med å ta ein leiarposisjon som kan vere vanskeleg å innhente», åtvarar UD-notatet.

Statsminister i Danmark, Mette Frederiksen, la i mai fram ein plan om å byggje to kunstige «energiøyar» i Nordsjøen. Financial Times kallar prosjektet «the world's most ambitious offshore wind project».

Olje- og energiminister Terje Lien Aasland (Ap) har tidlegare uttalt at regjeringa «må kome tilbake til» om Noreg skal slutte seg til Esbjerg-erklæringa.

NRK forklarer

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

I februar ble det bestemt at Regjeringen åpner for utbygging av havvind i Nordsjøen.

Olje- og energidepartementet har sendt et forslag på høring til inndeling i utlysningsområde for både Utsira nord og Sørlige Nordsjø II.

Ved Utsira nord er det snakk om flytende havvind, mens vindturbiner i Sørlige Norsjø II vil være bunnfaste.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hvor skal vindturbinene til havs stå?

Selv om området ved Sørlige Nordsjø II ligger helt på grensen mot Danmark så skal kraften bare kobles til Norge.

– Det handler om å sikre tilgang på ren og rimelig kraft. Det er situasjonen vi står i nå en påminnelse om, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), da han la frem satsingen.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Når skal dette stå klart?

Støre anslår at de første vindmøllene til havs vil komme på siste halvdel av 2020-tallet.

Feltene vil kunne lyses ut høsten 2022. Auksjon skal være hovedmetoden.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Er alle enige i at dette er en god idé?

Satsingen har møtt motbør. Opposisjonen frykter at det ikke vil være lønnsomt og at skattebetalerne må ta risikoen. Dette fordi kraften ikke kobles på et europeisk marked.

Regjeringen er dermed blitt kritisert for at satsingen er avhengig av subsidier.