Hopp til innhold

UiB fyrst i Noreg med gratis tampongar og bind: – Fantastisk

Dei fyrste dispenserane med gratis mensprodukt er plasserte ut på UiB. Norsk studentorganisasjon ber myndigheitene sikre bind og tampongar på fleire lærestader.

Andrea Nesvik Voss er nøgd med at UiB tilbyr bind og tampongar på campus.

Nestleiar i Studentparlamentet ved UiB, Andrea Nesvik Voss, er nøgd med at UiB no tilbyr gratis bind og tampongar.

Foto: Linnea Skaare Oskarsen / NRK

– Det fyrste eg gjorde var å ta bilete av det. Eg har aldri sett det før, seier student Tuda Oussous.

Som fyrste universitet i Noreg har Universitetet i Bergen (UiB) no starta eit prøveprosjekt med gratis tampongar, truseinnlegg og bind på toaletta på campus.

– Eg synest det er skikkeleg, skikkeleg kult. Plutseleg får ein mensen under ei førelesing. Å då vita at ein kan springa rett ned her, henta seg ein tampong og vera trygg, er fantastisk, seier Andrea Nesvik Voss, nestleiar i Studentparlamentet ved UiB.

Bind- og tampongdispenser på UiB.

Denne dispenseren inneheld bind, tampongar og truseinnlegg. Enn så lenge finst dei berre i ein storleik på produkta.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Førebels er det plassert ut dispenserar på Studentsenteret, Odontologibygget og Jussbygget.

Dersom prosjektet fungerer godt, vil universitetet vurdera å utvida prosjektet.

– Eg håper ordninga blir større og tilgjengeleg på heile campus, seier Nesvik Voss.

Les også Marita (35) blir alvorlig deprimert uka før mensen

PMDD-kalender med Marita

For akutte situasjonar

Prorektor Pinar Heggernes, ved UiB ønsker prosjektet velkommen.

– Eg er heilt einig med studentane i at dette burde vore eit gratistilbod for alle kvinner. Viss vi kan gjera kvardagen litt lettare i alle fall for studentane på campusen vår, blir eg veldig glad for det.

Prorektor ved UiB Pinar Heggernes, ønsker bind og tampongar velkommen på campus.

Prorektor ved UiB Pinar Heggernes, ønsker gratis bind og tampongar velkommen på campus.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Kor mykje prosjektet vil kosta er avhengig av kor populært tilbodet blir.

Dette vil universitetet sjå på i løpet av hausten.

Ho legg til at tilbodet fyrst og fremst er for akutte situasjonar.

– Ein skal komma seg forbi krisa, og komma seg til butikken eller hybelen sin for å skaffa seg resten.

Forventar at regjering tek tak

Ei anna som er glad for nyheita er Helle Sofie Sagøy.

Ho har kjempa for at Universitetet i Agder skal tilby gratis bind og tampongar.

– Eg håper Universitetet i Agder kan gå i fotspora til UiB, seier ho.

Også leiar Maika Maria Godal Dam i Norsk studentorganisasjon er glad for at universitetet tek eit ansvar.

Ho håper meir blir gjort på myndigheitsnivå for å sikra tilgang til mensprodukt.

– Eg forventar at helseministeren og resten av regjeringa tek eit ansvar for at vi ser slike initiativ på andre lærestader.

Maika Marie Godal Dam, leder i Norsk studentorganisasjon

Leiar i NSO ønsker at regjeringa tek ansvar for at fleire universitet tilbyr mensprodukt.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at det ikkje er laga planar om å innføra gratis bind og tampongar i Noreg.

Nesvik Voss i Bergen har likevel tru på at fleire vil følgja etter.

– Vi har mykje kontakt med andre studentpolitikarar, og dei var gira på å få meir informasjon slik at dei kunne sjå på dette sjølv.

Les også Dei vil ha gratis tampongar på ungdomsskulen

F.v. Tuva Sægrov Øygard, Malin Edvardsen Klokset, Kamilla Ryssdal, Marie Myrlid Bøe og Freya Kramer Søholt.