Hopp til innhold

Dei vil ha gratis tampongar på ungdomsskulen

Ungdomsskuleelevar «lurar» mensen-produkt ut av sekken. Mensen vil bli mindre flaut viss tampongar er gratis på barne- og ungdomsskular, meiner forfattar.

F.v. Tuva Sægrov Øygard, Malin Edvardsen Klokset, Kamilla Ryssdal, Marie Myrlid Bøe og Freya Kramer Søholt.

FLAUT: Elevar ved Gloppen ungdomsskule synest det kan vere flaut å fortelje andre at ein har mensen. Frå venstre: Tuva Sægrov Øygard, Malin Edvardsen Klokset, Kamilla Ryssdal, Marie Myrlid Bøe og Freya Kramer Søholt.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Det er litt flaut viss folk finn ut av det, så det er best å prøve å skjule det.

Dette seier åttandeklassing Kamilla Ryssdal om det å ha mensen.

Ho fortel at dei prøver å skjule bind og tampongar på veg til toalettet når dei har mensen på skulen.

I Vestland, Nordland og Trøndelag fylkeskommune, samt ved enkelte skular i Viken, får alle vidaregåandeelevar gratis bind og tampongar på toaletta på skulen.

No vil også elevar i ungdomsskulen ha bind og tampongar tilgjengeleg på skuletoaletta.

– I staden for å ta handa nedi sekken og få spørsmål frå andre i klassen om kva du skal, så hadde det vore enklare å berre ha det på toalettet, seier Tuva Sægrov Øygard.

Har du skjult bindet eller tampongen på veg til toalettet?

Vil ikkje at andre skal vite at ein har mensen

Ei undersøking utført av CARE Norge frå 2021 viser at ungdommar synest det er ubehageleg å dele med andre at dei har fått mensen.

Åttandeklassingane synest det kan vere flaut å snakke om mensen. Malin Edvardsen Klokset seier at det ikkje er noko dei snakkar om i kvardagen, verken med vener eller andre.

– Eg ropar ikkje ut at eg har mensen, seier ho.

Tamponger_1

I enkelte fylke får vgs-elevar gratis bind og tampongar på toaletta.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Fryktar bind på veggen og tampongar i mjølka

Lærarane ved Gloppen ungdomsskule trur det potensielt kan by på nye utfordringar dersom bind og tampongar vert gjort tilgjengeleg på toaletta på skulane.

– Me ser for oss at det kunne blitt litt kaotisk til tider. Me har jo både ein moden og umoden elevmasse så me hadde nok fort fått bind på veggane og tampongar dyppa i mjølk, trur lærar og elevrådskontakt Maria Kayser.

Samstundes ser ho for seg at det hadde vore ei god ordning for jentene på skulen.

Ungdomsskulelæraren fortel at ved behov kan elevane på ungdomsskulen få bind og tampongar i resepsjonen.

Må slutte å gøyme vekk mensen

Frå august i år er Skottland det fyrste landet i verda som har gjort bind og tampongar gratis for alle.

Helse- og omsorgsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at «det er ingen planar om å innføre gratis bind og tampongar i Noreg no».

Forfattar av boka «Alt om mensen», Silje Sirnes Winje, trur at synlege og tilgjengelege menstruasjonsprodukt vil vere med på å bryte ned tabuet ungdommane kjenner rundt det å ha mensen.

Forfattar og journalist Silje Sirnes Winje

Forfattar og journalist Silje Sirnes Winje trur tilgjengelege bind og tampongar vil bryte med tabuet rundt mensen.

Foto: Even Aarebrot / Cappelen Damm

Det burde vere tilgjengeleg på barneskular òg, fordi ein god del jenter som får mensen på barneskulen. Dersom det blir meir tilgjengeleg og synleg, vil det gjere mensen mindre flaut. Då er det jo så normalt – det ligg jo der.

I tillegg påpeiker Winje at ein må gjere mensen til ein naturleg del av den daglegdagse samtalen til både vaksne og barn.

– Vaksne damer må òg slutte med å gøyme bind på veg til toalettet, eller kome med ei unnskyldning når ein skal på jobb og har mensen.

I tillegg til at synlege bind og tampongar kan bryte med tabuet rundt det å ha mensen slik Wirnes påpeiker, meiner elevane ved Gloppen ungdomsskule at det ville gjort kvardagen med mensen enklare.

– Då kan me berre kan spør om å gå på do, utan at nokon veit at me har mensen. Så slepp me å bli så flaue.