Nav kravde tilbake gammal uføretrygd fordi Guri Anne fekk fast jobb
Nav-brukarar reagerer på rekninga som dumpa ned i postkassa rett før jul. Handikapforbundet meiner folk som får seg jobb blir straffa.
URETTFERDIG: Guri Anne Egge er svært glad for å vera i fulltidsarbeid, men kallar det teit at Nav dermed krev 40.000 kroner tilbake frå då ho var uføretrygda.
– Det er kjipt at når eg endeleg har fått meg lønna arbeid – litt meir å rutta med – så må eg betala tilbake. Det er urettferdig og veldig merkeleg, seier Guri Anne Egge (40).
Ho jobbar på bergenskontoret til selskapet Medvind. Firmaet gir brukarstyrt personleg assistanse (BPA) til menneske med stort hjelpebehov i kvardagen.
Dessutan er ho tillitsvald som regionleiar i Norges Handikapforbund Sørvest.
Sjølv har Egge cerebral parese og har vore uføretrygda heile livet. Men i april i fjor klarte ho å byrja i full jobb, etter nokre månadar i halv stilling.
Halvanna år seinare kom eit krav frå Nav:
– I november fekk eg eit «koseleg» vedtak om at eg må betala tilbake rundt 40.000 kroner. Det er uføretrygd eg fekk i januar, februar og mars i fjor.
Trygda som ho var avhengig av dei tre månadane, mister ho dermed med tilbakeverkande kraft.
No vekker Nav-praksisen reaksjonar.
Nav krev at Guri Anne Egge må betala tilbake tre månadars uføretrygd ho fekk før ho byrja i full jobb.
Foto: Leif Rune Løland / NRK
Opplevde det same etter stygt fall
Det same fekk også Arne Olav Grønbech Hope i Haugesund oppleve.
Han er nestleiar i regionlaget i handicapforbundet, og var i mange år ufør etter eit stygt fall, før han fekk jobb i BPA-selskapet Mio i september 2021.
– Nav gav meg ein «førjulspresang» i år: ei rekning på 37.000 kroner. Det opplever eg som ei straff og eit sjokk. Logikken er eg veldig usamd i.
Han seier det har skjedd med mange i same situasjon som han.
, og får støtte frå Noregs Handikapforbund.
Regionkontorleiar Arild Birkenes i Norges Handikapforbund Sørvest meiner regelen er svært urimeleg.
– Dette er ein måte å handtera uføretrygda som me reagerer sterkt på.
Arne Olav Grønbech Hope fekk krav om å betala tilbake 37.000 kroner etter at han slutta med uføretrygd i september.
Foto: Privat
– Svært urimeleg
Nav har forklart at slik er lova og reglane:
Kvar enkelt uføretrygda får ei grense for kor mykje dei kan tena utanom trygda i løpet av eit kalenderår.
Blir summen høgare, krev Nav tilbakebetaling.
Det gjeld viss den uføretrygda har ein jobb i tillegg, men også for den som sluttar med trygd og går over i full jobb.
Tidlegare uføretrygda må altså betala tilbake trygd som dei hadde rett på før dei byrja i jobb.
Handikapforbundet er samde i at ein ikkje skal ha full uføretrygd og jobba fullt.
– Uføretrygd har ein fordi ein ikkje kan arbeida. Men det som skjer her, er jo at du får ein jobb og må returnera trygda du hadde. Det er heilt feil.
Birkenes samanliknar dette med arbeidssøkarar som får dagpengar.
– Viss arbeidsledige hadde blitt utsette for eit slikt etteroppgjer, hadde ein som fekk jobb i mars fått krav om refusjon av dagpengane for januar og februar.
Arild Birkenes i Norges handikapforbund meiner uføretrygda blir straffa økonomisk for å ha fått seg jobb.
Foto: Leif Rune Løland / NRK
Nav: –Det finst eit unntak
Seksjonssjef Bente Thori-Aamot i Nav har svart NRK skriftleg:
– Viss den pensjonsgjevande inntekta i løpet av eit kalenderår utgjer meir enn 80 prosent av inntekta før du vart ufør, har du ikkje rett til utbetaling det aktuelle kalenderåret. Då skal utbetalingar i same kalenderår betalast tilbake.
– Også dersom ein sluttar å ta imot trygd i løpet av kalenderåret?
– Det finst eit unntak. Dette kan gjelda personar som startar i arbeid i byrjinga av året. Viss du fyller vilkåra i unntaket, vil det ikkje bli kravd tilbake uføretrygd du fekk utbetalt i til dømes januar og februar, skriv Nav.
Nav skriv til NRK at pr. 1. desember hadde 21.285 personar fått varsel om tilbakekrevjing, i gjennomsnitt 25.000 kroner. Dette inkluderer både personar som har slutta og held fram med uføretrygd.
Når det gjeld «kvifor lovverket er som det er», viser dei Nav til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Tomas Norvoll (Ap), seier Nav har høve til å visa skjønn i slike saker.
– Viss ein uføretrygda får seg jobb litt ut i året, har Nav høve til å ikkje krevja tilbakebetaling. Men ikkje viss det gjentar seg i fleire år. Då er det «sesongarbeid», og ein mister heile eller delar av uføretrygda.
– Kvifor krev Nav tilbakebetaling av uføretrygd, men ikkje av dagpengar?
– Fordi uføretrygd er ei årleg yting. Du får ho for eit heilt år. Dagpengar er ei løpande yting.
– Handikapforbundet meiner Nav straffar uføre som får jobb?
– Me er opptatt av at ein her brukar skjønn, slik at me får flest mogleg frå uførleik til arbeid. Det er ein god ting.
– Men viss ein hadde behov for og rett til uføretrygd, korleis kan Nav behovsprøva det med tilbakeverkande kraft?
– Fordi det er ei årleg yting. Men viss dette slår skeivt ut, er det høve til å fråvika frå regelen.
Han meiner derfor at lovverket ikkje treng å endrast.
PRESISERING: 23. desember klokka 20.30 vart det lagt inn opplysningane om at Guri Anne Egge og Arne Olav Grønbech Hope er høvesvis regionleiar og nestleiar i Norges Handikapforbund Sørvest, og presisert at Arild Birkenes er regionkontorleiar, ikkje regionleiar.