Hopp til innhold

Udjus ikkje klar til seriestart

Førstekeeper Kenneth Udjus på Sogndal er ikkje klar for seriestart mot Strømsgodset. Dermed får Joseph Bendik stå i mål frå start.

Kenneth Udjus

IKKJE SPELEKLAR: Kenneth Udjus er ikkje klar til kamp søndag.

Foto: NRK

Udjus vart skadd i treningskampen mot Kongsvinger på La Manga og er framleis ikkje bra att i lysken. 21 år gamle Bendik får difor sjansen som sisteskanse då laget møter Strømsgodset søndag kveld.

- Det uroar meg ikkje i det heile, då han har hatt ei enorm utvikling sidan førre sesong, seier keepertrenar Terje Skjeldestad til Sogn Avis.

Bendik fekk spele tre kampar på tampen av sesongen i fjor, fordi Piotr Leciejewski var suspendert.

- Han er tryggare i alt han føretek seg, og har utvikla seg på alle område, seier Skjeldestad til avisa.

Det er framleis uklart om Udjus vert med som andrekeeper.