Hopp til innhold

Sogndal-keeperen ut med skade

Kenneth Udjus måtte kasta inn handkledet då Sogndal tapte mot Kongsvinger på La Manga. Sjølv trur han ikkje skaden er langvarig.

Video Udjus måtte ut med skade

Sogndal-keeperen tok seg til lysken då han gjekk av bana under treningskampen mot Kongsvinger laurdag.

Ein skadd førstekeeper er ikkje det sogningane treng mindre enn ein månad før seriestart.

- Eg håpar det berre er ein liten krampe, kanskje ein liten strekk. Eg gjekk ut før det drog seg til, sa Udjus til NRK etter kampslutt mot Kongsvinger.

Best å vera føre var

Men Udjus trur ikkje skaden vil setta han ut av spel lenge. Han gjekk av bana på La Manga så snart han kjende at alt ikkje var som det skulle.

- Me tok ei avgjerd på at det var det luraste, så det ikkje vart ein meir langvarig skade, heldt Udjus fram.

Trena roleg sundag

Sundag var Udjus på joggetur med resten av Sogndal-laget. Trenar Harald Aabrekk reknar med at Udjus ikkje blir lenge vekke.

- Eg håpar at han gjekk ut i tide, han var med resten av gjengen i dag så det ser ut som om det gjekk bra, seier trenaren til NRK.