Hopp til innhold

Småbarnsfar får likevel bli i Noreg: UDI vedgår feil og beklagar påkjenninga

Etter 17 år i Noreg mista han opphaldsløyvet, men blir no likevel ikkje kasta ut. Vedtaket utløyste både glede og fortviling for Francis (38).

Francis Solomon, Marita Margarida Langøy Solomon og dottera Else

FÅR BLI, EITT ÅR OM GONGEN: Francis Solomon frå Liberia har budd 17 år i Noreg saman med kona Marita Langøy Solomon, her saman med dottera på åtte månader.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg og familien min er kjempeglade for at eg får behalda eit mellombels opphaldsløyve. No treng me ikkje bekymra oss for at eg blir kasta ut av landet.

Det seier småbarnsfaren Francis Solomon i Austrheim, som stod i fare for å bli sendt ut av landet etter å ha budd 17 år i Noreg.

Utlendingsdirektoratet (UDI) snudde onsdag og vedgjekk at avslaget dei gav for tre månadar sidan var feil.

«Vi beklager at vedtaket av 4. september ble fattet og de påkjenningene dette har medført for deg og din familie», skriv UDI.

I tillegg ber dei han søka om å få dekka utgifter han har hatt til advokat.

Kom med falsk identitet

For 10 år sidan innrømde 38-åringen frå Liberia at han kom til Noreg med falskt namn og falsk fødselsdato. Styremaktene meiner framleis at han ikkje har bevist identiteten sin.

Sjølv om vedtaket no er omgjort, får Solomon derfor ikkje permanent opphaldsløyve.

Advokaten hans, Marianne Karlsen, seier dei derfor vil vurdera å anka vedtaket.

– Dei byggjer vedtaket på at han enno ikkje har sannsynleggjort identiteten sin, noko vi meiner er heilt feil. Han har sendt inn pass og skuledokumentasjon, som dei ikkje godtek. Han har også tilbydd seg å hente inn DNA frå mora sin, noko han ikkje eingong har fått svar på, seier Karlsen.

Advokat Marianne Karlsen, Advokatbyrået Paragrafen

VIL ANKE: Advokat Marianne Karlsen er ikkje nøgd med vurderinga UDI har gjort.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Snart tre barn under to år

I mars fekk Solomon og kona ei dotter, og til sommaren ventar dei tvillingar.

I september fekk han avslag på forlenga opphaldsløyve og tre vekers frist på å forlata landet han har budd i sidan 2003.

UDI viste til at den første dottera hans fylte 18 år i år, og at opphaldsløyvet har vore knytt til at ho var umyndig. Ho kom til Noreg i 2009.

Solomon klaga og fekk medhald. Grunnen er at avslaget «ikke var i henhold til praksisen vår i liknende saker.»

UDI skriv:

«Vedtaket ditt av 8. desember 2017 inneholdt ingen indikasjoner på at tillatelsen ikke skulle fornyes etter at datteren din ble 18 år. Vi omgjør derfor vedtaket slik at du beholder din begrensede oppholdstillatelse».

Han må framleis søka om mellombels opphaldsløyve for eitt år om gongen, slik han har måtta dei siste åra, fordi UDI framleis meiner det er tvil om identiteten hans.

Francis Solomon og ordførar Per Langøy i Austrheim

STØTTE FRÅ ORDFØRAR: Ordførar Per Lerøy (Ap) i Austrheim (t.h.) meiner Francis Solomon er så godt etablert i Noreg at han bør få ein sjanse.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Veier tyngre enn barnas beste

UDI visste at Solomon hadde ei nyfødd dotter då dei gav avslaget 4. september, men viser no til at dei 30. november fekk vita at han og sambuaren ventar tvillingar i juni 2021. Men UDI meiner likevel ikkje det tilseier at Solomon skal få permanent opphald.

Dei visar til at eldste dottera hans har permanent opphald og at yngste barnet er norsk statsborgar.

«UDI kan ikke se at hensynet til barnets beste, eller andre forhold, tilsier at begrensningene oppheves. (...) Det foreligger sterke innvandringsregulerende hensyn i saken, særlig hensynet til kontroll og respekt for lovens øvrige regler. UDI mener at disse hensynene veier tyngre enn hensynet til barnets beste i denne saken.»

Veit ikkje kva som må til

Francis Solomon er både letta og fortvilt. Slik saka står no, veit han ikkje korleis han skal få overtydd UDI om kven han er.

– Eg har lagt fram alt eg har av papir og dokument, men dei seier landet er korrupt. I ti år har eg spurd UDI kva eg kan gjere for at dei skal kunne godta identiteten min. Men dei svarar ikkje på det spørsmålet, seier Solomon.