Hopp til innhold

UDI vil kaste ut Francis: – Det er ikkje for å få bli i Noreg at eg giftar meg og får born

AUSTRHEIM (NRK): Han kom til Noreg under falsk identitet for 17 år sidan. Men sjølv om han stod fram med løgna, blir han ikkje trudd av UDI.

Francis Solomon, Marita Margarida Langøy Solomon og dottera Else

MED FAMILIEN: Francis Solomon og kona Marita Langøy Solomon har ei dotter på åtte månader. No ventar dei tvillingar.

Foto: Leif Rune Løland

Francis Solomon (38) helsar på alle han møter på den lokale butikken.

– Går det bra? Me kryssar fingrane for deg, seier ei kvinne han møter.

38-åringen har budd i Noreg i 17 år. No har han ein familie på fire, og tvillingar på veg.

Men Solomon skal eigentleg ikkje få bli her. 4. september fekk han avslag på fornying av opphaldsløyve frå Utlendingsdirektoratet (UDI)

Dei skriv at dei har lagt avgjerande vekt på «innvandringsregulerande tiltak».

Ventar tvillingar

Dersom Solomon blir sendt ut av Noreg, får det konsekvensar for fleire enn han.

Mellom anna kona Marita Langøy Solomon og den åtte månadar gamle dottera Else. I tillegg har han ein dotter på 18 år som også bur heime.

Kona seier den langvarige uvissa, og det nylege avslaget, slit på heile familien.

– Det påverkar oss alle på ein vond måte. Ho har rett på å ha far sin her, seier Marita.

Samstundes ventar paret fleire born. Marita er gravid med tvillingar. Francis risikerer å måtta forlata tre spedbarn i Noreg.

Else, dotter til Francis Solomon og Marita Margarida Langøy Solomon

SNART STORESØSTER: Else (8 månader) skal bli storesøster til to tvillingar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Laug om bakgrunnen sin

Solomon fortel at han vaks opp under borgarkrigane i Liberia i Vest-Afrika.

– Barndommen min var veldig plaga av fattigdom og krig.

Under falsk identitet kom han til Noreg som 21-åring i 2003. Han forklarar at faren hadde ordna med dokument som fortalde at han 19 år og høyrde til ein annan familie som skulle til Noreg.

Då han drog måtte han forlate ei lita dotter på knapt eitt år.

– Frå den dagen måtte eg leva med ein ny identitet. Det var einaste måten eg kunne få komma til Noreg. Eg stod heilt åleine. Mista meg sjølv, visste ikkje kven eg var.

Avslørte løgna

Sidan den gong har han funne seg godt til rette. Han tok vidaregåande skule, utdanna seg til helsefagarbeidar og har jobba på Nordliheimen sjukeheim i Austrheim sidan 2007.

I 2009 fekk han si den gong sju år gamle dotter til Noreg på familiegjenforeining. Året etter avslørte han at han hadde oppgitt falsk namn og fødselsdato.

– Eg fortalde historia mi til lensmannskontoret, at Jusu Gyflan ikkje var mitt namn. At eg heiter Francis Solomon.

Solomon fekk likevel bli i landet på avgrensa opphaldsløyve, på grunn av den mindreårige dottera.

Men sidan ho no er 18 år, meiner UDI det ikkje lenger er grunnlag for opphald.

«Din datter har nå fylt 18 år og (..) Grunnlaget for tillatelsen er ikke lenger til stede», skriv UDI.

I tillegg er dei framleis i tvil om han har oppgitt sin verkelege identitet.

«UDI mener fremdeles at identiteten din ikke er sannsynliggjort og at det er tvil om denne», skriv dei i avslagsbrevet.

– Eg har levert dokument frå nesten alle kontor i Liberia. Men UDI seier at dei ikkje trur på dokument frå Liberia, fordi landet er korrupt.

– Kan ein stola på ein mann som lyg når han kjem til Noreg om noko så grunnleggande som kven han er?

– Ja. Og eg trur kvar einaste person i verda som opplever slike situasjonar som meg, ville tatt det same valet, seier han.

– Kan ikkje halde kontakten på Skype

Advokaten hans seier styresmaktene skal kunna gi opphald viss ein har prøvd nok å bevise sin eigen identitet.

– Det landet du kjem til har plikt til å hjelpa deg med å godtgjera identiteten din, seier Marianne Karlsen i Advokatbyrået Paragrafen, og viser til Flyktningkonvensjonen.

Ho fortel at Solomon fekk lov til å bli i Noreg fordi han hadde ei mindreårig dotter som ikkje kunne sendast tilbake til heimlandet. No har ho klaga på at UDI ikkje vektlegg at han har fått ein ny dotter.

– For eit born på berre åtte månadar er det heilt umogleg å halda kontakt med faren på Skype. Det vil bli eit brot på familiebanda, som også er brot på FNs barnekonvensjon, seier ho.

Men dette har ikkje blitt lagt vekt på av UDI.

«At du har barn og samboer i Norge (..) er etter vår mening ikke nok til å danne grunnlag for særlig tilknytning til riket», heiter det i brevet.

Advokat Marianne Karlsen, Advokatbyrået Paragrafen

HAR SENDT KLAGE: Advokat Marianne Karlsen har sendt klage på vedtaket frå UDI.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– God grunn til at jussen er kjenslelaus

UDI seier til NRK at dei snart er ferdige med å behandla klagen på avslaget og at dei ikkje ønsker å stilla til intervju før det.

Viss UDI opprettheld avslaget, skal klagen behandlast av Utlendingsnemnda (UNE).

– Slike saker er alltid krevjande, og dei treffer oss i hjarta. Men det er god grunn til at jussen er kjenslelaus, for den skal vareta mange behov, seier Ove Trellevik, innvandringspolitisk talsperson i Høgre.

Han seier han forstår at mange søker asyl med falsk identitet, for å komma seg ut av konfliktområde.

– Men då må ein vedgå dette snarast mogleg.

– Er det i strid med barnets beste viss far til eit spedbarn må forlata landet?

– Barnets beste skal vurderast i alle saker som involverer barn. Men det trumfar ikkje alle saker om utsending. Dersom ein til dømes har ei mor eller familie som kan ta vare på barnet på ein god måte, kan ein likevel måtta flytta ut av landet, seier han.

Per Langøy, ordførar (Ap) i Austrheim, og Francis Solomon

ENGASJERER SEG: – Francis har sjølvsagt gjort noko veldig dumt. Når han så har vedgått feilen, og har blitt så godt etablert som han er i Noreg og her i Austrheim, syns eg faktisk me bør gi han ein sjanse, seier ordførar Per Lerøy (Ap) I Austrheim.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Angrar ikkje

Solomon angrar ikkje på at han fortalde om den eigentlege identiteten sin.

– Det som er viktig for meg er å få meg sjølv tilbake. For eg hadde mista meg sjølv.

– Du fekk ei ny dotter i det den eldste dottera di vart 18 år. Fekk du nytt barn for å behalda opphaldsløyvet?

– Nei. Livet mitt har stått stille i over ti år på grunn av saka. Identitetssaka skal ikkje hindra meg i å leva. Konsekvensen viss eg må ut av landet og forlate borna tenker eg på kvar einaste dag. Men det er ikkje for å få bli i Noreg at eg giftar meg og får born.