Hopp til innhold

Turistverten Egil jobbar på spreng med å byte ut tyskarar med nordmenn

ASKVOLL (NRK): Frå mars til oktober er rorbuene til turistvert Egil Tjønneland vanlegvis fulle av utanlandske turistar. NHO trur det blir umogleg å erstatte alle med nordmenn.

Egil Tjønneland på Flokeneset i Askvoll

TOMT: Det har endå ikkje vore turistar på rorbuene til Egil Tjønneland på flokeneste i Askvoll i år.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Mellom 90 og 100 prosent av gjestane våre er utlendingar. Det er stort sett dei som har vore interesserte i å leige seg ei rorbu her i området, seier Tjønneland.

Vi er på Flokeneset i Askvoll kommune. Med utsikt rett ut i storhavet er dei tradisjonelle rorbuene idyllisk plasserte.

Her kjem tyskarar og austerrikarar kvart år for å fiske, plukke sopp i skogen og slappe av i eit typisk vestnorsk kystlandskap.

Men i år har det endå ikkje kome ein einaste turist til Flokeneset, og mest truleg er det fleire månadar til den første vil setje foten sin der.

Det einaste som kan redde Tjønneland og andre turistvertar no, er at nordmenn tek etter ferievanane til dei knappe ti millionane med utlendingar som kvart år vitjar oss.

Men er det realistisk?

Flokenes rorbuer
Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er umogleg å erstatte alle utlendingar med nordmenn

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, meiner at uansett kor mykje nordmenn kjem til å reise på ferie i sommar, så kjem svært mange reiselivsverksemder til å slite veldig.

– Det er heilt krise akkurat no. Det blir prata om ein dugnad blant nordmenn for å nytte seg av lokale tilbod, men realiteten er at sommaren kan ende i eit konkursras blant reiselivsverksemder, seier Devold.

NHO seier at det ikkje er realistisk at nordmenn vil kunne erstatte alle dei utanlandske turistane.

– Når nordmenn skal ut og feriere i eige land i sommar, så kjem ikkje alle til å bu på hotell. Veldig mange har eiga hytte og eigen båt. Det er det berre å ta inn over seg, seier Devold.

Bestillinga hennar til regjeringa er klar.

– Dei støtteordningane som gjeld for næringslivet no må gjelde i alle fall ut heile sommaren. Viss ikkje blir det verkeleg alvorleg. Det må også bli høve til å permittere folk lenger enn det som er tilfellet no, seier Devold.

Kristin Krohn Devold

DRAMATISK: Administrerande direktør i NHO Kristin Krohn Devold fryktar at sommaren skal by på eit konkursras blant reiselivsverksemder.

Foto: Oda Hveem

Regjeringa vurderer å utvide støtta

Nærings- og fiskeriminister Iselin Nybø (V) seier at tiltaka som NHO foreslår, er noko dei vurderer.

– Vi må heile tida vurdere situasjonen, og det å utvide støtte er noko vi fortløpande diskuterer, seier Nybø.

Kva departementet gjer med innspela frå Devold og NHO, kjem an på korleis situasjonen utviklar seg vidare utover sommaren, seier ho.

– Vi har jo eit håp om at vi skal kunne sleppe til turistar frå dei andre nordiske landa etter kvart, og det vil jo kunne påverke den økonomiske situasjonen til reiselivsverksemdene i stor grad.

Iselin Nybø på pressekoferanse om regjeringsutvidelse, regjeringen solberg

VURDERER UTVIDING: Nærings- og fiskeriminister Iselin Nybø (V) seier at regjeringa vurderer å utvide støtteordningane til reiselivet, men at dei også har eit håp om å kunne ta inn nordiske turistar etter kvart.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

– No må vi prøve å snu oss rundt

På Flokeneset trur ikkje Egil Tjønneland at det er pengestøtte frå regjeringa som kjem til å redde han.

Sjølv om det synest vanskeleg, har han framleis tru på at det er mogleg å trekkje til seg norske turistar.

– No må vi prøve å snu oss rundt og nå ut til norske turistar. I alle fall i fellesferien har eg eit håp om at vi skal klare å få nokre bestillingar, seier han.