Nordmenn som ferierer i heimlandet står for rundt 75 prosent av overnattingsdøgna hos norske reiselivsbedrifter. I 2017 var talet uendra, og dermed hovudgrunnen til den stabile utviklinga, melder Innovasjon Norge.
Forventningane til 2017 var i utgangspunktet høge, men tala viser no at det går mot ei utflating.
– Langt frå fullt
Berre Fjord-Noreg og Nord-Noreg hadde fleire kommersielle gjestedøgn i fjor enn året før. Austlandet har tilbakegang, med unntak av Oslo og Akershus. Trøndelag og Sørlandet går også tilbake.
– Noreg er langt frå fullt, med unntak av nokre få stadar nokre veker i året. Vi treng fleire besøkjande gjennom heile året, seier reiselivsdirektør i Innovasjon Norge Bente Bratland Holm.
Fleire tyskarar og kinesarar
Den viktige marknaden Tyskland held fram med å vekse. Det gjeld også turisme frå USA og Kina. Men det er samtidig ein markant nedgang frå nærmarknadane Sverige, Danmark og Storbritannia, særleg i vintersesongen.
– Noreg er eit sesongbasert reisemål, der all veksten i 2017 kom i sommarsesongen. I dag er amerikanske og kinesiske besøkjande nokre av dei viktigaste i sårbare skuldersesongar. Den største auken frå USA kom i mars, september og oktober, månader som tradisjonelt er «hard sells». Difor er desse marknadane viktige for å skape vekst heile året, seier Holm.
(NTB / NPK)