Hopp til innhold

Turistkommunar vil ikkje gje frå seg vaksinedosar før sommarinnrykket

Turistkommunar likar ikkje den nye vaksinefordelinga. – Det kan vi ikkje akseptera når «heile Noreg» skal hit, seier ordførar.

Aurland

AURLAND: Vi kan difor ikkje akseptera at vår region får mindre vaksinedosar midt i den perioden ‘heile Noreg’ skal til Vestlandet, seier ordførar Roald Aga Haug.

Foto: Christian Fougner / NRK

Onsdag kveld slo helseminister Bent Høie (H) fast at dei følgjer FHI si anbefaling om å fordele vaksinedosane på ny.

24 kommunar på Austlandet får om lag 60 prosent fleire dosar enn dei opphavleg skulle hatt. Resten av Kommune-Noreg får færre dosar.

– Det vil koma alle til gode, sa Høie.

Det er det ikkje alle som er einige i.

– Vi står framfor ein turistsesong der fleire hundre tusen kjem hit, seier Ivar Kvalen (Sp).

Han er ordførar i Luster lengst inn i Sognefjorden, som elles har kronjuvelane Balestrand og Flåm på repertoaret. Eit vanleg år kjem det om lag ein million turistar til Flåm.

Når fjorden speiler solen, gir det ekstra lys til fruktplantene langs Sognefjorden.

ØLMHEIM: Eit vanleg år kjem det meir enn ein million turistar til Sognefjorden. Her Ølmheim ved Slinde.

Foto: Torje Bjellås / NRK

Ordførar i nabokommunen Sogndal, Arnstein Menes (Sp), vil heller ikkje gje frå seg vaksinedosar før sommarinnrykket.

– Eg er uroa for samlinga av folk i Sogndal kommune når ferietida slår inn, seier han.

Roald Aga Haug (Ap) er ordførar i turistmagnaten Ullensvang kommune, som omfattar deler av Hardangerfjorden og Hardangervidda nasjonalpark.

– I fjor opplevde vi rekordtilstrøyming av turistar frå heile Noreg. Det er spådd at utfarten til Hardanger vert enno større i år. Vi kan difor ikkje akseptera at vår region får mindre vaksinedosar midt i den perioden ‘heile Noreg’ skal til Hardanger, skriv han i ein facebook-oppdatering.

Roald Aga Haug

TURISTMAGNET: Roald Aga Haug (Ap) er ordførar i turistmagnaten Ullensvang kommune.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Storinnrykk av besøkande

– Eg deler langt på veg synet til ordføraren i Ullensvang, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune.

Han legg til:

– Eg er redd for alt rotet og problem med planlegging dette skaper fort kan overskygge små teoretiske fordelar ved ei omlegging av vaksinefordelinga, særleg når vi går inn i ei ferietid. Fellesferien er ei krevjande tid for oss både av omsyn til personellsituasjon, og fordi vi då må ha beredskap på «storinnrykk» av besøkande til kommunen.

På nordsida av Hardangerfjorden ligg Kvam herad. I april sto kommunen midt oppe i eit lokalt smitteutbrot med ukjent smittekjelde.

Kvam-ordførar Torgeir Næss (Ap) seier han er redd for at den nye vaksinestrategien «vil vera ein fare for den gode fellesskapen vi har hatt når det gjeld haldninga til smittevern.»

– At det sentrale Austlandet vaksinerer folk i 40-årsalderen før resten av landet får vaksinert folk med underliggjande sjukdomar – det verkar sterkt urimeleg, seier han.

Hans Inge Myrvold (Sp) er ordførar i Sunnhordland-kommunen Kvinnherad.

– For oss vil dette gje store utfordringar med potensielt villsmitte, og særs krevjande smittesporingsarbeid ved utbrot, seier han.

Tor Mikkola (Sp) er varaordførar i Nordkapp kommune. Før pandemien hadde dei besøk frå nesten 300.000 turistar årleg:

– Sjølv om vi ønsker å vise solidaritet og omsorg for befolkninga der det har vore høgt smittepress, opplever vi forfordeling av vaksinedosane som urettferdig, seier han.

Kjersti Kvamme og datteren Rebecca stuper i Lovatnet. Bildet ble delt på Instagram, og har igjen blitt delt tusenvis av ganger over hele verden. Det ble senere også brukt i en reklamekampanje for Renault sommeren 2020.

LODALEN: Gamle stølshus, blikstille vatn, majestetiske fjell og andre delevennlege motiv gjorde at den pittoreske bygda i fjor vart døypt om til «Instagram-bygda».

Foto: Kjersti Kvamme

– Uakseptabelt og absurd

– Her må vi no stengje, dersom dette ikkje går i orden. Vi har jobba så hardt, og så skal vi få dette når vi går inn i sesongen. Det er heilt absurd, seier Inger Kristine Grønvold, som driv gjestehamna i Larvik.

Kommunen vil no vurdere å be hytteeigarar, campingfolk og båtturistar om å bli heime i sommar.

– Vi hadde eit campingforbod i mai i fjor, og hytteforbod tidlegare. Desse tinga må vi sjå på, næraste frå time til time. Ein skal ikkje avvise noko no som situasjonane er som den er, seier ordførar Erik Bringedal (H).

Grønvold meiner det kan vere farleg å ta i mot turistar dersom dosane blir færre og smitten aukar.

– No må vi stå saman, vere sterke og tenkje på oss som bur her, seier ho.

– Vert Oslo beskytta, vert også vi beskytta

Ordførar i Voss, Hans-Erik Ringkjøb (Ap) er meir forsonleg til den nye vaksinestrategien:

– Om vi løfter blikket, er det viktigaste at vi som samfunn vert vaksinert. Dei siste 15 tilfella i Voss herad har sitt utspring frå Hamar, Bergen og Oslo. Vert dei kommunane beskytta, vert også me beskytta, seier han.

Irene Heng Lauvsnes (H) er ordførar i Strand kommune, der Preikestolen ligg.

– Eg har ikkje tenkt å stå i noko hylekor fordi vaksinane blir noko skjøve på i tid. Eg støttar meg til dei vurderingane FHI og regjeringa gjer, og trur dette vil gå greitt, seier ho.

Dronningstien hardangervidda

HARDANGERVIDDA: Dronningstien eller «Dronning Sonjas panoramatur» går opp til 1100 meters høgde i fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus.

Foto: André Marton Pedersen / DNT