Hopp til innhold

Denne glashytta gir Anders stor tru på framtida

Medan reiselivs­næringa tapte 60 milliardar kroner i 2020, satsar fleire og fleire på unike overnattings­stadar. Anders Månum trur på fullt hus i den nye spegelhytta i sommar.

Anders Månum framfor den nye glashytta på Nes Gard i Luster.

SATSING: Anders Månum sine foreldre dreiv Nes Gard som turistverksemd i fleire tiår. No har han overtatt drifta saman med ei venninne.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Anders Månum ser seg sjølv, fjorden og fjella i spegelglaset på den nye hytta. Innanfor kan gjestene sjå ut på framtida for norsk reiseliv.

– Vi har kalla hytta Fjordspeilet, for det speglar fjorden veldig bra. Frå innsida kan vi stå og sjå utover Sognefjorden i 180-graders vinkel.

Den nye attraksjonen på Nes Gard i Luster i Sogn kom på plass denne veka. Utan frykt for å kaste stein i glashus, er Månum trygg på at dei gjer er rett.

– Men det hjelper jo ikkje å berre å setje opp ei slik eining. Det er totalopplevinga, naturen rundt og korleis vi jobbar opp mot gjestene våre. Det er kvaliteten frå A til Å som er viktig.

Fjordspeilet i Luster.

NY ATTRAKSJON: Spegelhytta i Luster er lett synleg frå turistvegen til og frå Sognefjellet.

Foto: Privat

Store tap for reiselivet

For medan små og mellomstore bedrifter ved Sognefjorden og på andre populære destinasjonar, har trua på 2021, er det langt frå fasiten for reiselivsnæringa.

I fjor tapte bransjen over 60 milliardar kroner i omsetning, fortel næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv, Ole Michael Bjørndal.

– Det har rett og slett ikkje vore noko lønsemd å snakke om for reiselivet sidan 12. mars 2020. Med unntak av dei fem vekene i juni og juli i fjor, så har det vore reint natta for dei aller fleste.

Ventar på vaksinen

Men Bjørndal vel likevel å vere betinga optimist med tanke på ein sommar der nordmenn for andre året på rad må velje Noreg som sitt næraste ferieland.

Vel å merke dersom folk blir vaksinert og at det blir letta på restriksjonane.

– For mange vil det vere kroken på døra om vi ikkje klarer å få opna opp.

På Fjærland Fjordstove Hotel er dagleg leiar Inna Jorddal i ferd med å gjere dei siste førebuingane til ein ny sesong.

– I dag driv eg med siste rest av måling på eit rom. No gler eg meg masse til turistane kjem, seier Jorddal.

Hotelleigar Bård Huseby kjem innom på veg mellom jobben som forskar på Vestlandsforsking og nok ein skitur.

Bård Huseby og dagleg leiar Ina Jorddal

GLER SEG TIL SESONGEN: Inna Jorddal og Bård Huseby på den solfylte terrassen på hotellet i Fjærland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kvaliteten er høgare

Han har stor tru på at dei som eit lite, eksklusivt hotell ved fjorden skal få ein enda betre sesong i år enn i fjor.

– Vi merkar alt no at mange nordmenn har byrja å bestille for sommarferien. I fjor var det mange som rekna med at det kom til å vere ledig og kom til fullt hus, seier Huseby.

– Men du trur ikkje den norske marknaden vil tykkje at det er for dyrt med noregsferie?

– Eg synest jo generelt at det er altfor billig. Nordmenn som vanlegvis reiser utanlands har oppdaga at det ikkje er noko dyrare. Kvaliteten er også høgare enn det mange kanskje har trudd, seier han.

Trur på ny hytte

For medan mange av dei store hotella i Noreg nærast er tomme, går det imot ein sesong full av kjøpelystne nordmenn i Sogn.

I Luster ser Anders Månum på sitt eige spegelbilete i den nye glashytta.

– Den er i grunn veldig pandemivenleg. Her kan du dra på kjærastetur eller venetur, og du treng ikkje å gjere så mykje anna enn å sitje her og sjå på utsikta, seier han og ler.

Anders Månum

UTSIKT UTAN INNSIKT: Anders Månum har alt fått mange bookingar på den nye glashytta i Luster.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Nedgang i overnattingar i Noreg

Februar 2021

Februar 2021

Februar 2021

Februar 2020 - Februar 2021

Februar 2020 - Februar 2021

Februar 2020 - Februar 2021

Overnattingar

Del av overnattingar

Del av overnattingar

Endring i prosent

Endring i prosent

Endring i prosent

I alt

norske

utanlandske

I alt

norske overnattingar

utanlandske overnattingar

Overnattingar i alt

970606

90.78

9.22

-59.9

-45.6

-88.8

Kommersielle overnattingsverksemder

923296

90.51

9.49

-58.2

-46.7

-86.3

Hotell og liknande overnattingsbedrifter

645627

90.56

9.44

-64.6

-56.7

-87.2

Campingplassar

133218

94.61

5.39

-6.6

4.1

-66.6

Hyttegrender og vandrarheimar

144451

86.47

13.53

-39.8

29.7

-86.4

Ikkje-kommersielle overnattingsverksemder

Formidling av private fritidsbustader

47310

96.16

3.84

-77.6

-13.5

-98.9

Kilde: Statistisk sentralbyrå

Ekspander/minimer faktaboks