Hopp til innhold

Jaktar på spektakulær natur – utset seg for stor fare

JØLSTER (NRK): Turistar campar i rasfarlege område, trass fareskilt – skremmande, seier NHO Reiseliv.

Tyske turistar campar på rasfarleg område

KRITISERER SKILTING: Det tyske ekteparet er kritisk til plasseringa av skiltet som viser rasfare. Dei hevdar dei ikkje såg skiltet.

Fjellsida er stupbratt og glatt. Lengst oppe i himmelsjå kan ein skimte brekanten.

Om lag 1000 høgdemeter lenger nede ved bygdevegen står skiltet «Fare! Steinsprang og ras. No camping».

Likevel overnattar turistar i området ved Kjøsnesfjorden i Jølster no på sommaren.

Då NRK var på staden, overnatta eit tysk ektepar i bubil. I tillegg var to norske jenter i 20-åra i ferd med å setje opp telt.

– Å, er det rasfare her. Det var skummelt, seier Janine Orekåsa (25).

– Såg de ikkje skiltet?

– Nei, hadde vi sett skiltet, ville vi ikkje sett opp telt her, seier Anja Kvande ((25).

gg

FARLEG: Janine Orekåsa (25) og Anja Kvande ((25) var i ferd med å setje opp telt i det rasfarlege området.

Foto: Bård Siem / NRK

Jentene hadde køyrd frå Hokksund tidlegare på dagen. Dei valde å slå leir nedanfor den bratte fjellsida fordi naturen er så spektakulær.

Dei etterlyste betre skilting og rydda saman for å finne ein annan stad å overnatte.

– Skiltet burde stått nærare. Då ville vi sett det, seier tyskaren i bubilen.

– Uforståeleg at ein ikkje ser skiltet

Bodil Kristin Ripe (55) bur på andre sida av Kjøsnesfjorden og kjenner rasfaren godt. Ho fortel at det rasfarlege området er ein populær overnattingsplass på sommartid.

Ho stiller seg undrande til at turistane ikkje får med seg skiltet om rasfare.

Turistar campar i rasfarleg område ved Kjøsnesfjorden

IKKJE SETT SKILTET: Turistar som slår leir i området fortel at dei ikkje ser dette skiltet. Bak ser vi bilen til dei norske jentene.

Foto: Bård Siem / NRK

– Enkelte får med seg berre det dei vil sjå, ikkje noko anna, seier ho. Ripe fortel at det gjekk steinsprang i området for om lag 14 dagar sidan.

– Eg høyrde steinane godt då dei rasa nedover fjellsida. For folk i telt kunne det vorte fatalt, seier ho. NRK har vore kontakt med grunneigarane i dette området, men dei ønskjer ikkje å uttale seg.

I fjor sommar var det nære på ved breidda av Nærøydalselvi i turistkommunen Aurland. Fleire tonn med stein dundra ned i vegbana like ved plassen der fleire turistar hadde telta.

Mange leitar etter gratis overnatting

Jarle Buseth, bransjesjef for camping i NHO Reiseliv, meiner det er skremmande at folk overser fareskilt. Samtidig er han ikkje overraska. Mange leitar etter plassane som gjev dei beste bileta, utan å tenkje på risikoen, meiner han.

– I denne iveren er det dessverre mange som ikkje får meg seg fareskilta.

Buseth fortel at det florerer med informasjon på nettet om kor det er spektakulært å campe i Noreg.

Oppmodinga frå bransjesjefen er å tenkje seg om før ein set opp telt eller overnattar i bubil.

– Vi skulle hatt ein regel for camping i det fri akkurat som vi har ein fjellvettregel, seier Buseth.

I dette området til venstre i biletet overnattar turistar

RASFARE: Til venstre nede ved vatnet er ein populær overnattingsplass for turistar. Dette trass i at det står skilt om rasfare og «No camping».

Foto: Malin Hannesdatter Sunde / NRK

– Farleg å gå på nedlagt veg

Også på andre sida av Kjøsnesfjorden, på den gamle nedlagde riksveg 5, utfordrar folk tryggleiken. I 2009 vart vegen erstatta av ein tunnel på grunn av stor rasfare. Vegen er stengt med ein solid kjetting.

Likevel syklar eller går folk inn området. Dei fiskar, slappar av og kveiker bål. På vegbana ligg steinar store som hus strødde rundt om.

– Rasfaren er stor og eg fryktar det verste, seier Bodil Kristin Ripe.

Bodil Kristin Rype på gamle riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.

REDD: Bodil Kristin Ripe sin største skrekk er at folk blir tatt av ras på den gamle riksvegen på nordsida av Kjøsnesfjorden i Jølster i Vestland.

Foto: Bård Siem / NRK

Det same gjer Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør Statens vegvesen.

– Dette er eit farleg område som ein ikkje skal gå inn i. Vegen er lagt om nettopp fordi det er så sterk rasfare, seier han. Det er no sett opp i skilt som viser rasfare på gamlevegen.