Hopp til innhold

Turistane trassar campingreglane – overnattar ulovleg

LODALEN (NRK): Stryn kommune nyttar tekstmeldingar og skilting for å unngå ulovleg villcamping denne sommaren. Likevel gir turistane blaffen.

Villcamping i Loen

ULOVLEG CAMPING: Teltturistane i Lodalen trassar både skilting og tekstmelding frå kommunen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I fjor sommar gjekk lokalbefolkninga i Loen ut mot turistar som la att søppel, gjekk på do i naturen og dreiv med villcamping i Lodalen i Stryn kommune.

Før årets turistsesong braka laus forsikra kommunen nordfjordingane om at dei hadde fått på plass gode tiltak for å hindre at problema frå fjoråret skulle gjenta seg.

Stryn kommune har sett opp midlertidige toalett og innført restriksjonar for området rundt Breng. Ei tekstmelding med informasjon til alle som kjem til Lodalen er eitt av dei ferskaste tiltaka kommunen no har sett i verk.

Tekstmelding

TEKSTMELDING: Dette er tekstmeldinga Stryn kommune sender ut til alle som kjem til Lodalen.

Foto: Skjermdump

Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo (H), fortel at alle med mobil som kjem til Lodalen får denne tekstmeldinga.

– Vi ser at informasjonen i Lodalen tydelegvis ikkje er god nok. Derfor går vi i tillegg ut med SMS-varsling til alle. Uavhengig om du er norsk eller utanlandsk, fortel Flo.

– Ofte ikkje tilstrekkeleg med skilt

Maren Esmark i Naturvernforbundet synest det er fornuftig å sende tekstmelding til turistar.

– Det viser seg at det ofte ikkje er tilstrekkeleg med skilt. Med tekstmelding veit du at informasjonen har kome fram, seier ho.

Esmark meiner villcamping er eit aukande problem mange stader i Noreg. Mellom anna i Lofoten.

Kor viktig er det å verne område som Breng i Lodalen?

– Det er kjempeviktig å ta vare på naturen. Reiselivsnæringa må tenkje seg om og vurdere om dei har kapasitet til å ta i mot alle turistane.

Breng i Lodalen

TURISTPERLE: Breng er ein populær stad. Turistattraksjonen er kjend frå postkort og reklamefilmar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Sosiale medium lokkar turistane

Fleire turistar NRK møter i Lodalen fortel at dei finn inspirasjon på sosiale medium. Idylliske bilete av det brefarga Lovatnet lokkar turistar frå heile verda til Lodalen.

Lars Hermansen har overnatta i Lodalen. Han er på tur for å fotografere.

– Du må vere tidleg ute for å få teltplass, seier han.

Torsdag kom han seint og måtte overnatte i bilen. Hermansen vedgår at han ikkje har tenkt over å kartlegge sanitærforhold når han planlegg overnattingstur før han får spørsmål frå NRK-journalisten.

– Eg har heldigvis bil, så eg kan køyre ned til Loen for å gå på do, seier han og ler.

To studentar, som ynskjer å vere anonyme, meiner dei teltar lovleg trass skilting som fortel om forbod. 6–7 andre telt har teke seg til rette i same område.

– Vi nyttar allemannsretten. Den er gratis. Det kan vere for dyrt for studentar å overnatte på campingplass, meiner dei.

Kva tenkjer de om å eventuelt bli bøtelagd?

– Dersom vi har campa ulovleg er det forståeleg. Vi har tolka det som lovleg, seier studentane som vedgår at dei har sett skiltinga.

Telting i Lodalen

UEINIGE: Desse studentane meiner dei har lov å overnatte trass skiltinga like ved.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Har de lest tekstmeldinga de fekk?

– Vi fekk melding om at det ikkje var lov å campe i innmark. Det kan hende vi har misforstått, hevdar dei.

Ueinige om allemannsretten

Grunneigar Karin Sæten står ved turistmagneten Breng i Lodalen.

– I fjor var her 30–40 telt kvar einaste dag i sommarhalvåret. Vi fekk tilbakemeldingar frå fortvila folk i bygda som ikkje ville bruke plassen fordi det var umogleg å vere her, seier ho.

Sæten er irritert og meiner folk har ulike tolkingar av regelverket.

– Problemet er at nordmenn er så bevisste på allemannsretten. Dersom vi set opp skilt plukkar dei ned skilta og set opp telt, fortel ho.

Karin Sæten

FORTVILA SITUASJON: Grunneigar Karin Sæten er lei av at turistane misforstår eller ikkje bryr seg om skiltinga.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Sæten påpeikar at Stryn kommune har gjort fleire tiltak, men meiner skilta om teltforbod kom altfor seint. Grunneigaren er lei av at folk ikkje respekterer skiltinga. Ho må ofte jage vekk folk som campar ulovleg.

– Fleire seier dei har misforstått eller ikkje fått med seg skiltinga. Nokon seier unnskyld med ein gong og pakkar ned, medan andre begynner å krangle om allemannsretten.

Ordførar: – Folk manglar respekt for skiltinga

Friluftslova og allemannsretten står sterkt i Noreg. Stryn kommune la ned ei kommunal forskrift som omregulerte eit avgrensa område rundt Breng til friluftsområde med forbod mot camping, telting og bålbrenning.

I tillegg er det sett opp toalett og søppelcontainer for å unngå tilgrisinga dei opplevde i fjor. Kommunen har ordna midlertidige informasjonsskilt, men desse har blitt tekne ned. Ordføraren lovar nye skilt.

– Det vi konstaterer er at respekten for skilt ikkje er til stades.

Sven Flo

FORBOD: Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo (H), synest det er trist at turistane i Lodalen ikkje respekterer skiltinga som viser campingforbod.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Stryn kommune har engasjert Statens naturoppsyn til å føreta stikkprøver. Dei har allereie vore i Lodalen og bedt folk om å pakke saman og finne andre plassar å telte.

– Vi kan bøtelegge og politimelde turistane. Vi har prøvd å ta det på den milde måten, men det kan hende vi må vere strengare.

Flo legg vekt på at Stryn er ein turistkommune som ynskjer turistar velkomne, men på deira premiss.

– Eg ynskjer at turistane skal få ei god oppleving, men det vert stilt klare forventningar. Vi tek problemet med villcamping innover oss. Det er det ikkje tvil om, avsluttar han.