Hopp til innhold

Tsering har vore 15 gongar på Mount Everest: På somrane guidar han turistar i Sogn

Dei siste åra har norske breførarar gjort seg avhengige av nepalske sherpaer: – Vinn-vinn situasjon for både oss og dei, seier breførarlaget.

Tsering Pemba Sherpa på Nigardsbreen.

SOMMARJOBB: Frå juni til september kan du få ein ekte eventyrar som guide på Nigardsbreen.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Han leia Frank Løke til toppen av verdas høgaste fjell i mai 2021. Tsering Pemba Sherpa har sjølv vore på Mount Everest 15 gonger.

– Men eg har berre vore ti gongar på toppen, seier han audmjukt.

Kvar sommar kjem han til Jostedalen for å guide turistar opp Nigardsbreen. Mykje av arbeidet er likt det han allereie er van med frå Himalaya.

– Anna enn høgda er det ingen forskjell, fortel Tsering Pemba Sherpa.

Tsering Pemba Sherpa og Frank Løke på toppen av Mount Everest.

NORSK SELSKAP: Pemba Sherpa har ved fleire høve leia nordmenn til 8849 meter over havet. Her er han på toppen med Frank Løke i 2021.

Foto: Privat

Enkel jobb

For dei som er van med å guide personar opp verdas høgaste fjell, er ikkje jobben som guide på Nigardsbreen den mest slitsame. Tsering Pemba Sherpa finn det vanskeleg å finne likskapar i belastinga, sjølv om mykje av jobben er lik.

– Her varar turane fire til sju timar, medan ein ekspedisjon på Mount Everest tar omtrent to månader. Det er heller ikkje farleg å jobbe her, fortel han.

Å arbeide på Mount Everest er nemleg ikkje utan risiko. 106 menneske har mista livet på fjellet sidan Pemba Sherpa sjølv begynte å jobbe der i 2007.

Han er klar over at ein har behov for eit snev av hell for å kunne ha det som jobb.

– I tillegg til å trenge hell så er det jo ei belastning. Eg kan nok arbeide med det i fem-seks år til, så får eg sjå etter det kor lenge eg fortset.

Pemba Sherpa blei fødd på 3700 meters høgde i området Rolwaling i Nepal.

Og til trass for å både lukte på pensjonistdraumen frå Mount Everest-jobben og å bruke somrane på brear i Jostedalen, gløymer ikkje sherpaen kor han kjem frå.

– I fjor song eg Nepal sin nasjonalsong på toppen av Mount Everest tre gonger. Eg gjer som oftast det når eg kjem over 8000 meter. Problemet er at eg går lett tom for luft når eg syng i slike høgder, ler han.

Tsering Pemba Sherpa på toppen av Mount Everest

I SITT ESS: Pemba Sherpa har vore 21 gongar over 8000 meter. Dette til trass for at hans første tur på Mount Everest i 2007 skjedde heilt utan klatreerfaring.

Foto: Privat

Avhengig av nepalske arbeidarar

I 15 år har Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen breførarlag, tatt imot arbeidarar frå Nepal på sommaren. Han nemner mellom anna kunnskap om brear og fjell som gode ferdigheiter.

Men det er likevel ein ting han legg ekstra vekt på.

– Dei møter arbeidet med godt humør. Smilande og positive heile tida, seier Bruheim.

I år er det ti nepalarar på jobb ved Nigardsbreen. Dette er ti fleire enn kva det var i koronaåra 2020 og 2021, då arbeidarane ikkje kunne kome til landet. Konsekvensane av dette merka Bruheim på kroppen.

– Då hadde vi mangel på førarar. Det at vi har førarar frå Nepal gjer at vi klarer å halde oppe aktiviteten på breane.

Steinar Bruheim

TAKKSAM: Steinar Bruheim fortel at dei har hatt førarar frå Nepal sidan 2008 og no har blitt avhengig av dei: – Vi klarar ikkje å rekruttere nok lokale førarar.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

I tillegg til å vere til hjelp for breførarlaget, fortel Bruheim at ordninga er ein vinn-vinn situasjon for dei alle. Når dei nepalske sherpaene jobbar i Noreg er det ikkje mogleg å arrangere ekspedisjonar i Himalaya. Då er det nemleg regnsesong der.

– Vi har då høve til å tilby dei sikker jobb i tre månader. Dei tener også godt på denne jobben samanlikna med jobben i heimlandet. Dette har blitt ei viktig inntektskjelde for dei.