Hopp til innhold

Avgått byråd: Blei hetsa på gata etter ho fortalde om anonyme trugsmål

Anna Elisa Tryti (Ap) stod fram om trugselbrev, kulehol i vindauge og eit liv med politivakt i starten av juni. Så opplevde ho trugande hendingar på gata på nytt. Måndag gjekk byråden av.

Anna Elisa Tryti

GÅR AV: Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) går av som byråd etter fem år. Ho vedgår samstundes at ho har opplevd trugande hendingar på gata dei siste vekene.

Måndag gjekk Tryti av etter fem år som øvste sjef for byutvikling i Bergen.

Det skjer berre tre veker etter at byutviklingsbyråden for første gong fortalde om dei grove trugslane ho hadde mottatt dei siste åra. Tryti, som av mange blir omtala som «Bybanens mor», blei mellom anna truga med seksuell trakassering og beden om å ta sitt eige liv i eit anonymt brev i april 2017.

4. juni i år fortalde ho om trugselbrevet for første gong.

– Eg lever med valdsalarm, politiet patruljerer jamleg utanfor huset mitt og eg går ikkje åleine i byen på kveldstid.

Rune Bakervik og Anna Elisa Tryti

NØKKELOVERREKKING: Anna Elisa Tryti takka i dag av som byråd for byutvikling. Inn kjem Ap sin gruppeleiar i bystyret gjennom fem år, Rune Bakervik.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Ei heilskapsvurdering som ligg bak

Konstituert byutviklingsbyråd Rune Bakervik (Ap) roste Tryti opp i skyene då han tok over kontornøklane.

Etter at seansen er over, sit det som no er eksbyråden seg ned NRK. Her innrømmer Tryti at også dei siste vekene har vore prega av ubehag.

– Eg har opplevd ei varmebølge etter at eg stod fram. Veldig mange har stoppa meg for å gi klemmar og gode ord. Men eg har dessverre også opplevd trugande hendingar på gata, midt på dagen. Men sånn er det.

Også etter at du stod fram?

– Ja.

61-åringen svarar ikkje direkte på spørsmålet om dei stadige trugslane og hendingane har fått henne til å trekka seg.

– Det er ei heilskapsvurdering som gjer at eg har bedt om å gå no. Når det gjeld trugslane, vil det alltid vera klimatrugslane som er dei mest alvorlege for meg.

Brevet til Tryti

TRUGSELBREVET: «Trakasseringa vil gå føre seg helt til du endrar kurs, trekker deg frå politikken, eller begår sjølvmord».

Foto: Privat

Talar direkte til dei som truga henne

Tryti var også kommunalråd for byutvikling på midten av 1990-talet. Seinare har ho vore kultur- og idrettsdirektør i Hordaland fylkeskommune. No ber den røynde politikaren presse, politi og styresmakter om å slå ring om demokratiet.

– Det kan ikkje vera slik at politikarar blir truga. Demokratiet er skjørt og det må me i fellesskap passa på, seier Tryti, før ho rettar seg direkte til dei som har truga henne.

– Til dei der ute som har truga meg: De har ikkje klart å forhindra meg i å gjera den jobben eg skulle gjera.

– Har dei klart å få deg til å gå av som byutviklingsbyråd?

– Dei har ikkje klart å stansa meg i å gjera jobben. Stafettetappen min er gjennomført. Måla er langt på veg i boks, seier Tryti før ho ramsar opp nokre av sigrane ho som byutviklingsbyråd har sett bli banka gjennom i bystyret.

Anna Elisa Tryti med trusselbrev

TRUGSELBREV: Tidlegare i sommar viste Tryti fram brev med trugslar og trakassering som ho har fått tilsendt som byråd.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Fått «oppbakking» frå Støre

Tryti har på mange måtar blitt personifiseringa av bompengevedtaka til byrådet i Bergen. 61-åringen har dei seinare åra, med utviding av bompengeringen i Bergen og auka satsing på Bybane, opplevd ei veksande grad av utskjelling i sosiale medium.

Ho har også måtta tola konfrontasjonar og trugande situasjonar i det offentlege rom. Tryti fortalde i starten av juni at ho kvar veke blir utsett for ubehagelege opplevingar på gata.

– Byrådet har stått samla om denne politikken. Eg har fått direkte «oppbakking» frå Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng frå partiet sentralt. Men i kvardagen, i denne type situasjonar, føler ein jo gjerne at ein står litt åleine, seier Tryti.

Politiet etterforskar nytt trugselbrev

Politiet fekk kritikk for at dei la bort politimeldinga av trugselbrevet Tryti fekk i 2017. Det same skjedde med meldinga av kuleholet i vindauge heime hjå Tryti, fordi politibetjentane meinte det lite truleg kunne sjåast i samanheng med trugslane.

Politiet tok sjølvkritikk og omtala vurderingane som «uheldige». No undersøker dei kuleholet på nytt, i samband med at eit nytt trugselbrev førte til ei ny politietterforsking.

– Saka er enno under etterforsking. Eg håpar dette er ei sak som politiet ser grundig på, og følger opp PST sine oppmodingar om å ta trugslar mot politikarar alvorleg.