Hopp til innhold

Avgjorde då Norge tok VM-gull

Tarjei Bø innfridde alle forventingar då han gjekk Norge inn til gull på mixed-stafetten under VM i skiskyting.

Video Her tar Norge gull

- Dette er kanskje det beste eg har gjort nokon gong. Det var veldig bra, seier Tarjei Bø rett etter målpassering.

Imponerte stort på ankeretappen

Tora Berger, Ann Kristin Aafedt Flatland, Ole Einar Bjørndalen og Tarjei Bø utgjorde eit knallsterkt lag framfor mixed-stafetten under VM-opninga i russiske Khanty Mansiysk.

Likevel gjekk Tarjei Bø ut på sisteetappen med 23 sekund fram til Tyskland i tet.

LES OGSÅ:

Men: Knallsterk innsats i langrennssporet og imponerande mental styrke på standplass avgjorde i fordel Norge.

God start på gulljakta

I mål var Tarjei Bø over eit halvt minutt framfor Tyskland.

- Formen er heilt tydeleg veldig bra, seier stryningen.

Sogn og Fjordane har dermed fått den best tenkjelege starten på VM i skiskyting. Med to av fire løparar på laget, har fylket markert seg særs sterkt.

- Det kjennest veldig bra. Moro med eit bra løp, kommenterer Ann Kristin Aafedt Flatland til NRK.

Tarjei Bø har tidlegare gått ut med ein ambisjon om to gull i VM. No er han på god veg, og han meiner han har treft med forma. VM held fram med sprint og jaktstart laurdag og søndag.