Hopp til innhold

Trur på folkefest og 3-2 siger

Ein folkefest som endar med 3–2 siger til Sogndal. Slik ser Azar Karadas for seg møtet med Rosenborg på søndag.

Azar Karadas

TRE POENG: Stalltipset frå Azar Karadas er at Sogndal tek alle poenga når Rosenborg vitjar Fosshaugane på søndag.

Foto: Frida marlen Dingsøyr Holme / NRK

Med to sigrar og seks poeng toppar trønderane tabellane, medan vertane i Sogndal har plassert seg i andre enden med tap og uavgjort så langt.

Søndag kveld brakar dei to laga saman på Fosshaugane, og då kan alt skje.

– Følelsen er veldig bra. Vi har trent veldig godt og vi kjenner oss klare for Rosenborg, seier Azar Karadas.

Vil gje trønderane kamp

Eidaren var utan kontrakt i nokre månader i haust, men i slutten av februar signerte han på ny med sogneklubben. Den erfarne midtstopparen er godt nøgd med sesongstarten, sjølv om det altså berre har resultert i eitt poeng så langt. Kampen mot Tromsø enda 2-2, medan Vålerenga vann 1–0 på måndag.

– Spelemessig har vi ikkje vore så verst. Vi har skapt ein del sjansar og vore på full høgde med dei andre laga.

– Men poengmessig har det vore dårleg. Følelsen er god før vi møter Rosenborg, så får vi gå ut og gje dei kamp, seier Karadas.

Satsar på tre poeng

Det er 15 år sidan Sogndal sist vann mot Rosenborg. 1998 vann sogningane på straffe etter at Asle Hillestad klinka ballen i nettmaskene.

At det er blitt så mange år sidan sist skremmer ikkje Karadas.

– Då må vi bryte det og sikre oss tre poeng på søndag, seier spelaren som sjølv har ei fortid i Rosenborg.

– No er det ikkje så mange att frå i tid, men det er alltid spesielt å møte Rosenborg. Eg hadde nokre fantastiske år der oppe, fekk vere med å vinne veldig mykje, og ikkje minst spele Champions League.

– Gode mål og sjansar

I dei to første kampane denne sesongen har Azar Karadas begynt på benken, og blitt bytta inn mot slutten. Om han står i startellevaren eller er på bana når dommaren bles i fløyta søndag veit han ikkje.

– Vi får sjå, men uansett om eg er på benken, tribunen eller på bana så skal eg bidra så godt eg kan uansett.

Karadas meiner forma til laget er på ein stigande kurve og er ikkje tung å be når han blir spurt om å tippe resultatet.

– Vi lagar ein folkefest og vinn 3–2. Det blir masse gode mål og sjansar, og publikum er nøgde, gliser han.