Hopp til innhold

Truleg ikkje noko kriminelt bak likfunn

Dei første undersøkingane tyder på at personen som vart funnen død i Storavatnet på Bømlo ikkje vart utsett for noko kriminelt.

Storavatnet på Bømlo

STORAVATNET: Den døde personen vart funnen i ein nedsokken bil ved Storavatnet ved Svortland på Bømlo.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Måndag vart ein person funnen død ved Storavatnet ved Svortland på Bømlo. Det var ungdommar som bada i vatnet som observerte ein nedsokken bil.

I følgje opplysningar NRK.no har fått tak i, er det ikkje noko som tyder på at den døde er utsett for vald eller annan kriminalitet. Men både identiteten og dødsårsaka er førebels uavklart.

Både bilen og personen bar tydleg preg av å ha lege lenge i vatnet.

– Me ventar på tilbakemelding frå obduksjonen. Me kan førebels ikkje seia noko om verken dødsårsak eller identiteten, seier lensmann Roald Raunholm.

Uidentifisert

Tente lys ved Storavatnet

TENTE LYS: Tysdag var det tent lys ved staden der den døde personen vart funnen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Rettsmedisinar Inge Morild ved Gades Institutt seier dei førebels ikkje har greidd å identifisera personen, eller har noko klart svar på kva dødsårsaken er.

– Me leitar etter fingeravtrykk, tannopplysningar eller DNA. Det må me ha for å kunna slå fast kven denne personen er. I tillegg har me gjennomført prøvar som kan avdekkja om det kan vera nokon unormale stoff i blodet, seier Morild etter at .

I tillegg har bilen vorte granska av kriminalteknikarar og Statens vegvesen.

Sakna sidan oktober

Ein person har vore sakna i området sidan oktober 2012. Politiet har vore i kontakt med bistandsadvokaten som vart oppnemnd etter forsvinninga. Tysdag stadfesta politiet at dei ser likfunnet i samanheng med forsvinningssaka.

– Me ser saka i samanheng med personen som er sakna, men kan ikkje gå ut med noko når me ikkje har fått stadfesta kven den døde er, seier lensmannen.