Den truga klarte å låse seg inne på eit soverom før politiet fekk henta mannen som var godt rusa. Han måtte sitje i drukkenskapsarresten og politiet har oppretta sak mot han.
I tillegg har politiet rykt ut på husbråk både i Florø, Førde og Høyanger.
Rakett mot container
Brannvesenet i Førde måtte to gongar rykke ut til ein låst container i sentrum fordi einkvann hadde fyrt av ein rakett mot containeren. Fyrste utrykking skjedde i halv fire tida på natta. Det vart observert røyk på nytt åtte timar seinare, og brannvesenet måtte difor igjen rykke ut.
Kraftige smell i Lærdal
I Lærdal rykte politiet ut etter to kraftige smell i sentrum natt til i går. Dei fann ikkje ut kva det var eller kven som stod bak kraftsalva.
Hærverk på postkassar
I Sogndal vart det gjort skadeverk då ei postkasse vart sprengt i lufta, truleg av ein rakett nyttårsnatta.
Brann i bossbøtter
Det kunne gått gale etter at det var sett fyr på to bossbøtter like ved Eikefjord skule natt til i går. Brannvesenet rykte ut og til alt hell gjorde ikkje brannen skade på bygningane. Politiet er interessert tips dersom nokon har observert nokon i området ved skulen.
Innbrot i anleggsmaskinar
Ubedne gjestar har teke seg inn i anleggsmaskiner i Flo-vegen i Førde. Politiet fekk melding i halv tre-tida i går. Tjuvane har stole med seg sambandsutstyr, men har ikkje klart å få med seg stereoanlegget, melder politiet.
Travelt for politi og brannvesen
Men alt i alt har det vore ei roleg nyttårsfeiring i Sogn og Fjordane. Ifølgje politiet har ingen kome direkte til skade av fyrverkeri, sjølv om både brannvesen og politi har hatt det travelt med mange uttrykkingar.
14 brannar
Alarmsentralen har registrert 14 brannar, medan politiet har tatt seg av rundt 20 meir eller mindre alvorlege forhold. Sjå også: Rakettar starta grasbrannar.